Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Berit i Ur'n

Fanten visste meir enn mata seg

(Berit i Ur'n er godt inni gamal tru og skikk)


Folket mitt hadde krøter som stødt og stendig i fem år mjølka ureint. Det var nokre vonde folk før i verdi. Dei kunde kaste uvild på krøteri. Men no er det — Gud skje lov! — betre. Folket mitt visste ikkje si arme råd. Men «når naudi er størst, er hjelpi nærast».

Ein dag kom det ein stygg fant til oss. Han såg fæl ut. Ikkje gjekk han åleine heller. Nett då denne fanten var inne hjå oss, var det kome raklande fleire gamle fattiglemer som reika i kring og bad etter mat. Ho mor hadde nett teke inn ein småkrøterrygg som ho hogg sundt og skifte ut eit stykke åt kvar.

«Du e 'kji kjøtlaus, du?» sa fanten.
«Ja, e har 'kji noko anna gje fatigfolk! E får 'kji noko tå kyro mine!» sa ho mor.
«E får nokk få liggji her i natt, e då!» sa fanten. Og so la han til: «Du ha brukt å leta burt varme på støle, du, men de ska du alder gjera. Då ska du heldan gje dei ei fyrstikke.»

Det vart snart sengetid. Fanten bad då um noko salt og nokre fyrstikkor. Det fekk han, og so gjekk han stad la seg burt i ei løe. Han far hadde vore burte med dette hende. Då han um kvelden kom att, og fekk høyre kva hendt var, vart han so ille ved at han sov ikkje heile natti. Um morgonen då me vakna og såg uppi i løa, låg fanten over løodorstokken og las nedi saltet. Då ho mor gjekk åt fjøset, kom fanten etter. So gav han alle kyrne av saltet sitt, og so strauk han kvar einaste ei frå mulen og bakover like nedi i bakfotklauvene.

Det synte seg snart at dette var god kur. Frå den tidi vart det let på smøret vårt. Før hadde det vore turt og kvitt som talg. Meir vart det i dei ogso. Ei gjente me hadde, og som var på stølen og stelte, kom heim og sa:

«Jau, no ha de kome se i kyro. No får me fullt fempottespanne tå kor kyr.»

Denne fanten budde i Øystre Slidre.

Det var nok den same fanten det hende noko modig med på Reie. Der var det ei snodig gjente som han gjerne vilde ha. Ein dag fanten var der, vart det nett laga til mat. Dei delte maten åt alle — både åt arbeidsfolki og sjølvefolki — den tidi. Fanten såg då snittet sitt til å slette burt åt bordet, og der hande¬feta han fort all maten. Han meinte han var usedd. Men Rei-is-kjerringi hadde nok vorte var det. Ho tok all maten og kasta til grisen. Ei stor purke hadde nok ete det som var esla gjenta. Då fanten var gått, sette purka etter. Hadde ikkje fanten fått kasta seg over ein skigard, hadde nok purka drepe han. Rune-kallen var ikkje heldig med kunstene sine den gongen!

I Øystre Slidre hadde dei den tidi ein agalaust stor ukse. Dei vilde selja han til byen, men dei visste ikkje si arme råd med å frakta han. Då tok fanten på seg dette. Han gjekk føre og uksen etter utan so mykje som ei grime på seg. Uksen var no so spak som eit koppelamb. Det lyddest nok ut til at han kunde noko, denne fanten!

Han vart gift her i Slidre, og ei fin, snål kjerring fekk han seg med. Folk syntest det var meir enn rart at ho vilde ha han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.