Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om, og se bilde av Anne Torsteinsdotter Hermundstad

Fasting på ormehovud

Anne Torsteinsdotter Hermundstad fortel


Jau, han Tøstein Gridhamar vilde faste, ser du, og få greie på kven han skulde få.

Dei brukte det mange i gamle dagar. Etter å ha fasta um dagen, tok han huvudet tå ein orm og tulla det inn i ei fille og la seg og skulde sova med ormehovud-tullen te hovudgjerd. Ein skulde korna te drøyme um den ein skulde få, når ein gjorde det slik. Det var endå uti Kjellarbakka han låg. Men guten fekk ikkje sova, han. Då spratt han upp og mulla noko som eg ikkje vil seia, og so la han seg att.

Då drøymde han at han skulde få ho Ragndi Trondsdotter Øye. Men ho vart so snøgt burte for han, og det undra han seg mykje over.

Men han fekk nok røyne at han var sanndrøymd. Han og kona fekk ikkje leva saman meir enn 13 år. Då døydde ho Ragndi tå lungebrand.

Ja, då guten var ferdig med svevnen uti Kjellarbakka og skulde inn, var heile garden full med folk, som han syntest, so han mest ikkje kom innatt. Han laut skuve undå seg med båe hendene, endå var det so vidt han fekk balka seg fram. Men han såg ikkje noko.

Det fylgde noko stygt med den fastingi, du.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *