Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om den gongen eg snakka med Guri Grøv

Fasting

Hjå gamle Guri Grøv (f. 24. oktober 1843)


«Har du høyrt at dei brukte å faste?» spør no Guri. — «Jau; men eg vil gjerne høyre meir um det,» svarar eg te.

Jau, han Jon på Hauge fasta i tørstoga' si ein joleftan. Helle dagen fyreåt smakte han ikkje mat. Um kvelden tok han med seg ei brødlefse og stal seg ut. Då han kom åt tørstoga, beit han tre hol i lefsa på ymse stellar, og so sa han:

«E sete me ne i djevelens namn før at han ska vise me min tekomande kjærest fram!»

So skulde han ikkje seia eit steins ord meir, men berre glana gjenom dei tre holi.

Hadde ein no gjort det rett, kom det ein fæl dur, og so ein endå fælare, og so ein som var verre enn verst. So sa dei det var. Eg var no ikkje med.

Han Jon på Hauge hadde ikkje gjort det skilleg rett, han. Difor fekk han ikkje sjå noko i tørstoga. Men han høyrde det ropte:

«Gå på Jør'nsnøse, ska du få sjå ho!»

No er Jør’nsnøse ein åker trast utan Nøre Kjærstein. Då han Jon høyrde dette, var han snøgg ut or tørstoga og heim. Der tok han på seg snøsokkane sine og spente på seg skiene og smurde av stad. Då han kom fram, fekk han sjå ho Berit Svegji. Ho kom springande med utslege hår, so blaut at vatnet rann or det. Ho hadde stade vaska seg då bodet kom, skjøner me.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *