Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Feigda

Ei kvinne i Galåen var ute og gjekk ein vinterdag. Som ho gjekk der fekk ho sjå ein av grannane koma gåande dedetter Bratthaugen. Det var laus nysnø og djup var han. Ingen kunne gått han, men grannen gikk der. Det såg ikkje ut til å seinka han det minste. Var som han sveiv over snømassane. Og der vart han borte – søkkt borte.

Ut på våren døydde mannen. Ho som hadde sett han, døydde også samme våren.

Feigda hadde vore ute og gått.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *