Internt referansenummer:B-000019
Kilde:
I MANNS MINNE
GAMAL VALDRES-KULTUR III
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1944
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Andres Olson Grefsrud


Fekarar

(Hjå Andres Olson Grefsrud)


I Bakli'n var det for eit par hundre år sidan ubygd ålmenning. Men felæger var det. Fekarane låg i små febuer dei hadde bygt. Dei simplaste var gravne inn i ein haug med eine enden. Fremst var det lagt saman nokre bjørkerelor til vegg. So var det nokre troer til tak, tekt med brisk og ris. Ein stor riskjerv var dør. Etter liadraget var det fleire slike buer.

Fekarane skifte læger åt krøteri sine til kvar veke.

Ein mann på Hande — Giggjerd heitte han — hadde tre læger i Bakli'n, Handestølen er no, eit synna Jelkarbakke, no Liset og Lauvhaug, og so Raubekk. Han låg med fe på alle desse stellor. So hadde han krøter på stølen Bjødnhøvd. På alle desse læger hadde han rudt inn jorde. Det hadde gått soleis til:

Um nettene laut han ha feet på kveer for ufreden. Desse kveene hadde han fellingsgard i kring. Fellingsgard var den snøgvindaste gjerding. Dei la store bjerker etter kvarandre på stuvar og steinlafter, so det vart som eit skarve gjerde. Når dei vilde gjerde betre, laga dei risgard kring kveene. Han var svulka fast og var tettare, og so var det staurlag av bjerker som stod i kross. Det var helst kveer som hadde vore brukte so lenge at det var god fôring på dei, som hadde risgard.

Gamle Jordin or Flekkelijorde og Timan Tuvsmark'n var dei fyrste som eg høyrde um, som var fegjætarar i Bakli'n. Jordin hamna feet sitt på Feødda. Jordin var ungkar som ikkje hadde nokon varna. Med varna meiner me ungar, syskin eller næraste ætti.

Dei gamle fegjætarar levde mykje tå spekemat som dei hadde med seg. So hadde dei eit par-tre fekyr som dei mjølka. Var det litevore med grjøn, fann dei seg elvemose, som dei kokte seg krumme tå. Før dei kunde bruke elvemosen til mat, bløytte dei han ut i klårlut, laga tå lauvoske. Etter på turka dei han. So gnudde dei mosen til mjøl med ein stein på ei helle. Då var han ferdig til laga krummor tå. Eg har sjølv sett og smakt slike krummor. Dei var turre, men elles smakte dei godt.

So levde dei av fisk. Sume fegjætarar var so ferme at dei hadde med seg rakfisk heim.

Mange ungkarar hadde levemåten sin tå fegjæting um sumaren og fehandel um vinteren.

Verste meinbægja for fegjætarane var udyri. Det var mykje bjørn og andre udyr 'som gjorde skade. Um nettene laut dei difor jamt brenne bål utan um kveene, so ikkje udyri skulde våge seg inn på til krøteri.

Han gamle Ellend Ø-e (f. 1794) tala um at Giggjerd på Ø-ismyr'n låg gjætte fe på felægret Toresete som herde Ø-e til. Han var berre ungguten då. Ei natt vart det ein ynkeleg jammer på han. Han skreik so dei høyrde det over fjorden til Ø-isstøle i Bukono:

«Å bjødn då! Bjødn då!»

Han Ellend var på stølen då, men var so gamal og halt at han kunde ikkje hjelpe. So kom det ein inn i selet um natti. Han hadde vel ogso høyrt skriken. Ellend kom fram or mjølke¬bui, der han låg, og sa:

«De får vera kem de vil! Men den de e, lyt fara over fjord'n å sjå kost de e me ho' Giggjerd o krøtero!»

Då fekk han vita at det var han Per Ø-e som stod inne. Per fór då over so fort båten bar. På Toresete stod det ille til. Bjørnen hadde rive juret undå ei kyr, men so hadde ein stor ukse jaga han undå. Per gjorde upp ein stor varme. Då vart han var guten. Han sat vitskræmd på buataket.

Fekarane la ikkje ut noko for felægri dei leigde. Krøteri gjødsla godt upp vollane åt bondene, so dei fekk mykje meir fôr. Det var heller so at fekarane fekk vederlag for at dei vilde ha lægri. Um vinteren var dei ei tid på garden hjå han som åtte lægret, og då levde dei vel for inkje.

Dei fleste læger er no stølar.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.