Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Fekk aldri fred meir

I siste helvta av 1800-talet var det vanleg å ha gjætargutar og gjætarjenter med buskapane i heile Gauldal og også i Rørosbygdene. Dei var med buskapane både i heimemarka og på sætra.

På ei sæter i Ålen var det ei jente i konfirmasjonsalderen med buskapen. Ho skulle bli konfirmert til hausten og gjætte siste sommaren.

Ein dag sette ho seg på ei tuve og ville eta nista si. Ikkje før hadde ho sett seg vart ho puffa hardt ned av tuva. Dette tok seg oppatt tre gonger, og siste gongen tumla ho langt bortetter marka.

Det er sagt at ho sat ihel ungen til ein underjording. Ho hadde set seg rett oppi vogga der ungen låg.

Etter den dagen fekk ho aldri fred korkje heime eller ute i marka. Alttid var det noko til meins. Jenta datt og slo seg så ho var gul eller blå nokon stad på kroppen alle dagar. Ho hadde liksom inga styring på seg.

Da ho var 18 år reiste ho saman med noen andre ungdomar til Amerika, men heller ikkje der fekk ho fred for plageåndane sine.

Ein vond lagnad var med henne heile livet også på andre sida av det store havet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *