Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Felemusikk i Gynnildfossen.

Ei jente frå Bordalsgrenda skulle gå heim etter ein arbeidsdag på Gynnild. Det var seinhaustes. Ein skum og hustren kveld med ylande vind, og langt ute i rømda sigla månen fram mellom vindrivne, larvete skyer. Bergugla sat og nituta bortpå Hovsmoen.

Med det same jenta skulle framom Gynnildfossen vart ho ståande. Vegen går høgt over fossen, som durar og mel nedi ei djup gryte. Ho hørte felelåt løysa seg ut frå dei andre læte nedi gryta. Trollfagre, lokkande tonar som auka på i villskap di lenger ho lyelde. Til slutt vart ho redd og sprang heimover.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *