Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Ferdafolk

Han Halldor Espe


Han Halldor Espe var ikkje so høg på vokster. Han var ikkje tjukkfallen heller, langt derifrå. Han var lettbygd og velbygd, en ven mann. Han gjekk jamt med sylv i vampen.


Han åtte gild jord på Espe, og so var han handelskar. Han handla herre med hestar, men der var han den fyrste mannen i fjorden og vidare med. Han reiste like til Nordfjord på innkjøp. I alle bygder var han kjend. Ein mann ute i fjorden kom fil å spørja kva kar han var.


«Du mao 'kje ha vò mykje ute naor du ikkje kjen¬ne han Halldor Espe», sa han.


Jonsok-bel sanka han. Dyri kunne gå i Espe-lii nokre dagar, so dreiv han over Viddi til dei ymse marknadsstadene austpå. Han handla godt og slo inn mange pengar.


Ein gong kom han upp i ei sak, og det skeiva seg so meinsleg til at han tapte. Då sa han:


«Hadde salig Fleischer levt, so hadde da ikkje gjengje solais. Han lova meg at eg aldri skù tapa nùkù sak.»


Han Halldor var sparsam i det små. Veda-Hallvard var dreng hjå honom eit par år. Klinte han Hallvard noko drygt med smør på betane sine då, so kremta han Halldor. Folk rødde om «smørkremten hans Halldor Espe». Ei vende hadde han Hallvard fått skei for kniv.


«Eg ska no graia meg i dag», sa han.


Elles var det noko storslege med han Halldor, og han var gjevmild mot fatigfolk. Kvar haust la han til sides mjøl og flesk og ull åt dei. Ein gong råkast to røldølar som fór og bad.


«Ka fekk du te mat der du ha fare?» spurde den eine.
«Ain kald'e grautabete å ai skjørskjai. Men ka fekk du?»
«Ain kald'e grautabete å ai skjørskjai», svara den andre.
«Hadde me vore isjå han Halldor Espe, so hadde me fengje ete so prestar», sa den fyrste.


Han Halldor såg og høyrde mykje på ferdene sine, og ymist tok han etter. Han lét kona steikja krotakakor tå «finsmel», som han kalla det, venteleg sikta rug. Han var den fyrste i fjorden som rådde seg til lommeklokke.


I kyrkjebåten sat han ikkje of te med årane, han sette seg jamleg i bakrongi med rorstongi.


Ein gong var han i eit bryllaup. Syster åt kona hans (Brita) vart gift til Århus. Då gav han ein mann (Arvfinn Ulsnes) ei halv tunne korn, so han skulle skjota eit skot til yre for honom med same han bad velleva med verten.


Sume tykte at han vart mesta stor.


«Sit ikkje dar so brai'ù, du Halldor Espe! Dar æ andre bra folk òg so kunne turva plass», sa han Lars Borve med han i kyrkja.


Han Halldor Espe var vel den rikaste mannen i fjorden i si tid, og heimagjerdene åt dei fem døtrene gjekk det gjetord tå. Dei vart alle gifte med jordagutar, og alle fekk to mjølkekyr og ein kalv, eit kydlag smale, to senger klede, kinnor og stampar og kollor, ein tunnekjel (tå kopar) og ei sylvkanne og dertil fire hundre dalar i pengar. Dei to sønene fekk kvar si jord. Ho Eli vart gift til Fresvik, ho Kristi og ho Margreta til Opedal og ho Synva til Eitrheim. Ho Gurid hadde drege han Knut Vintertun ei von, men sagt han ifrå seg att. Han vårkynte seg for henne Synva, og ein dag kom ho dragande med han til Eitrheim, ho Gurid var der hjå syster si. Og so vart det gifting.


Han Knut var ikkje nokon arbeidskar. Han laut selja Tveit, og kjøpte att ei jord i Vintertun. Der sette han til og selde eit kår til eit heller ungt parfolk: to naut og fire sauer og potetor til husbruk. Sidan gjekk det åt desse kårfolki, det som voks på jordi. Han Knut kunne sitja heile dagen i lag med grannar eller andre som sveiv innom og røykja og rada.


«Ha du ikkje ain skvett pao kjelen?» kunne han seia med kona.


So laut han selja Vintertun òg, kjøpte att ei jord i Etne. Der var han eit par år, so åt han upp den. Då fekk dei koma i hus hjå ei dotter i Odda (Arngunna). Dotter-mannen sette upp ei liti stova åt dei sidan, og der levde dei resten tå tidi si.


Alle sylvkannonen vart verande i ætti so nær som kanna hennar Gurid. Han Knut selde henne for noko korn på Nausto. Styraren der (Halldor Espe) kjøpte henne og gav henne attende åt ætti. (Ikkje til han Knut).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *