Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

 

Ferdafolk

Han Kristi-Jyrund

Folk ropa han oftast for Kristi-Jyrund etter mori. Han var ugift, hadde ei midaldra gjente til å stella huset. Ho var so vand, og han lika henne godt.

Han Jyrund var fiskar og veidemann og ferdakar. Fyrst og fremst ferdakar.

Han låg mykje innpå Hildals-fjelli og fiska. Han hadde ei dròg der inne, leste fisken på drògi. So leita han upp ein eller annan øyk og køyrde til bygdar. Budeione la drògi hans under buskapskjelen, totte ho var so sparlaus. Han vart harm då.

Han var glup til å skjota, og ein framifrå veidemann. Om målet var i ro eller i rørsla, det var han det same. Han råka fuglar i flukti, om det so var med kule. Det kom ein grågås-flokk uppetter dalen.

«Eg tror eg skjyt’e dan fysta, eg», sa han.

Dermed la han til og skaut. Jau, fuglen datt. Han hadde fått kula i bringa.

Ein haust var han på reinsveide. På Fljaottæ fekk han auga på to dyr, og sette til og skaut. Med same small det frå ein annan kant, og to mann sprang fram og tok til å flå. Jyrund kom til, han òg, og han stod no der og skoda på dei.

«Da kunne no moro å sjao ka kuler so hove», sa han.

Då kom det upp at dei høvde ikkje, kulone deira.

«Sjao her, eg tenkje ho have, denn’», sa han Jyrund og tok fram ei kule. Og so var det. Bòka vog ei våg, so det var nok ein god rugg.

Eit bel handla han hest på Kongsberg. På ei ferd attende kom han til ein einsleg gard ein kveld, og folket der hadde ikkje det beste ord på seg. Det heitte at ymse handelskarar hadde kome bort der eller attmed der. Men Jyrund var ikkje redd, og so spurde han om hus for natti. Om natti fekk han høryra at folki var uppe, og var i ferd med å bryna knivane sine — og dermed bykste han ut gjenom eit vindauga. Han høyrde at dei leita etter honom, men dei fann honom ikkje.

Eg håttar han Kristi-Jyrund. Kvar sumar drog han til Sætesdal på handel. Om haustane kom han jamt att med mykje vent sylv som han vende ikring i fjorden. Men elles var det no mest hest han handla med. Det var aldri nokor fløkjor med handelen hans Jyrund. Når einkvan freista å tinga med han, kunne han seia:

«Da gav eg, da ve eg tena, og da ska du fao hesten fy.»

Han var sværande velgjeten i Sætesdal, og dølane handla heller med han enn med nokon annan. Eit år drog det ut for han kom. Han Hallvard Seljestad og han Gunnar Jysendal var fyre, og dei sa:

«Han kjem’e ikkje, han. Jyrùnd, i aor.»

Men folki bia, for dei leit på han Jyrund. Då dei frette at han var i kjømdi, då skikka dei gutungar til fjells, og dei handla med han.

Når dølane hadde graut for seg, skulle han jamt skrapa gryta. Det var ei ære, det.

«Nai, ska eg fao skrapa gryto?» kunne han seia når kona kom med henne.
«Ja, du nett rette mannen te dæ, du», kunne ho svara.

Eg åtte ein morbror som var skyld han Jyrund. Ein gong var han i Sætesdal. Då folket spurde dette, då stelte dei til gjestebod åt han.

Det kom til å gå so at han Jyrund vart liggjande i Saitesdal. Folk tok so smått til å bruka kaffi dette belet. Han Jyrund var nett komen til Valle, tok inn hjå ei kone der. So fekk han låna ein gamal koparkjel til å koka kaffi i, og denne kjelen hadde ikkje vore i bruk på ei tid. Han godfar fortalde etter sætesdølar at han klaga over hovudverk om kvelden, og denne verken tok til. Om natti slokna han. Sidan kom det upp at kjelen var erga, og det skulle vera dette erget som tok livet hans.

Han ligg i kyrkjegarden i Valle. Det stod ein trekross på gravi lenge. Han Oddmund Steinaberg hadde set honom, sa han. Myllarguten laga ein slått til minne om han Jyrund.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *