Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

 

Ferdafolk

Han Lars Berùnuten

I Eidfjord ropa dei han helst for Fleta-Lars. Austanfor gjekk det mest på Lars Berùnuten. Det var ein stor og sterk og hardfør mann. Men noko større boklærd var han ikkje. Kvar skulle han no ha fått den lærdomen ifrå? Han kunne skriva namnet sitt. «Lars» var jamt tydeleg. «Beùnuten» var no so som so. Det var liksom bokstavane gjekk meir om kvarandre då. Men so tok han det att i det munnlege. Det var gut som kunne nåda for seg!

So snart han var fjellfor, fekk han fylgja slektningane sine på handelsferdene deira over fjellet med krøterdrifter. Det hende at han fekk selja óg. Og då skal eg tru at han Pers-Lars fekk nok for kyrne sine!

Han var elles ikkje gamle karen for han tok til på eigi hand. Han gjorde ymse ferder til «Finnmark» og kjøpte upp rein. Han Helge Lægreid i Øvre Eidfjord kjøpte tri hundre dyr tå honom ei vende. Han Helge slakta dei nede på Hylsmyrane. Sidan gjekk han Lars meir over til storfe og hest. Sume år kunne han ha upp til hundre dyr. Han reiste gjenom Røldal med svære hestadrifter. Det var reint spøke. Nedre Telemark og Kongsberg var for det meste marknadsstadene hans.

Det året den fransk-tyske krigen gjekk for seg, då var han far med han og handla hestar. Det var høge prisar då, og han Lars tente mange pengar.

«Da va vandalaust te væ hestahandlar dao», sa han far, «berre du hadde vit te sekkja pao».

Eit bel etter krigen (1873) kjøpte han Lars Berùnuten. Denne staden ligg uppå høgfjellet, ikkje mindre enn 965 m. o. h., snaue to mil (18 km) frå Haukelisæter og berre ei tridjungs mil frå Saltpytt — og denne staden var gamal marknadsstad for hest. Ein høvande stad for ein hestahandlar!

Bildet er kun et illustrasjonsbilde og er tatt av Anders Beer Wilse.

Han flytte til Berunùten eit år på ettervinteren. Han tok stova med seg, bar henne frå Fleto i Eidfjord og upp Hjølmadalen til fjelltrommi, og so køyrde han henne fram på skaren. Då han hadde fått stova upp, so reiste han same vegen attende etter kona og born. Han sette dei i kipor og batt kipone fast åt sledane.

Men han turvte fleire hus, for det beid ikkje noko hus på Berùnuten då han Lars kom dit. Han sette upp ei stove som stod til metes med den gamle. So vart det løe med flor og fjøs. Han rådde seg fil husavyrke i Haukeli, skar det på ei sag der nede i bygdi og reidde det fram. Han hadde då ei fem-seks øyker. Då han kom åt stølen hans Tjostoiv Gunnvaldjord, då la hestane seg på fiti med kløvjane på. Han Lars jaga dei upp att og reidde vyrket fram.

Det var store slåttor i Berùnuten, og feitt og sterkt var graset. Han far var der to år i sumarsarbeid. Fødnaden var ei sju-åtte naut. Dei avla potetor der òg, og dei vart so lekre. Men kornet ville ikkje veksa.

Han åtte ein son og ti døtrer, og han lova burt ein brurahest åt kvar dotter. Gjentone hans ville ikkje roa seg der inne i fjellet. So fór dei ut, den eine etter den andre, og so vart det gifting. So gjekk åri, og han Lars og kona vart gamle. Det vart då til at dei selde Berùnuten, og so flytte dei heim i bygdi åt ei dotter. Men dei lengta jamt attende åt fjellet.

Han Lars levde til han vart ein gamal mann. Like til i 1911 var han å finna på Kongsberg-marknaden. Han hadde då herre fem hestar. Det var no ikkje so mykje for å handla som for å vera med. Folk laut leggja merke til den gamle, høgreiste mannen, som gjekk og sveiv ikring der mellom ungdomane. Det var tråvkøyring, og om kvelden sat han i eit lite lag hjå han Gunnar Gardatun. Då fortalde han om ungdomsdagane sine, og det var gut som kunne fortelja! So minte ein handelskar han om at han fylgde ikkje med i drykken.

”Når man er 86 år, må man være litt forsiktig med åssen man løfter drammene”, sa han.

Del på sosiale medier

Readers comments

  • Ottar Romtveit sier:

    Dei to yngste jentun Johanne å Sara vart gife med to Arabøndar som va bånebån te Myllarguten. Johanne vart gift med Olav Sigurdson dei budde ei tid i Berudalen i ei steinbu der dei ha fjos i eine enden å det er sagt at dei fekk ongar som ikkje overlevde der, men seinare futte dei te Midtgarden i Arabygdi å der fekk dei Sigurd Guri å Gunhild.
    Sara vart gift med Augund Gregarson å fekk Tone Lars Georg å Knut med dei budde på Berunuten
    Dei kaupte Romtveit å seinare fekk dei Guri Signe Olav Halvor å Anders som døe berre 1 år gamal.
    Olav fekk 6 gutar å her vart den nest yngste kalla Lars so detta lars navnet gjeng att i fleire greiner av ætti. Denna Larsen hev nok fenje genene ette gamle Lars, han er ein av landets beste travtrenarar med ein del av dei beste kalblodshestane i landet, han har fleire meiterskap både norske å nordiske ,her må ein nevne spesielt Odd Herakeles. Eg trur det fins ein tråd i dette med arvelege egenskapar som kjem att i fleire ledd tebakars.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *