Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Ferdafolk

Han Sylfest-Lars


Han Sylfest-Lars var vel den storsto hesta- og krøterhandlar som Eidfjord har ått. Han var ein kjempekar, ein diger skrydl. Det belet han var i sin beste brage, då beid han ikkje god å klå seg attåt. Ein gong han gjekk åleine i fjellet, råka han på ein kar som ville yppa seg. Men då skar han Lars upp, og han var ikkje å spøkja med. I Tessingdalen gjekk to mann og trakka på skiene hans.


«Men dao bruka eg stortrumbo», sa han.


Han Isak Ygre på Voss var ei ureipa. Ein gong bad han Lars inn i floren, dei skulle sjå på ei ku.


«Men eg sto so at eg hadde florsbytto framfy rneg te slao mæ», sa han Lars.


Dette skjøna han Isak, og so våga han ikkje å sleppa seg til. Han laut reisa or bygdi sidan.


Eg råka han Lars med kyrkja eit tå dei siste åri han levde. Han hadde skrokke i hop då.


Han Lars var vide kavd og vide kjend. Han var attåt velkjend der han fór fram. Han tinga aldri når han handla, sa greitt ifrå med ein gong kva han ville gje, haka aldri på prisen. Han visste kva han kunne gje og kva seljaren laut ha. Han handla mykje i lag med syskenbarnet sitt, han Lars S. Dei hadde år om anna ei åtti hest og ei åtti-nitti storfe. Dei låg på Viddi sumarsdag og feita upp feet. So drog dei austetter bygdene og selde om hausto.


Det kunne vera bale å sanka feet før dei skulle i veg. Ein haust fór Lars frå støl til støl i fire vekor og leita etter fe som hadde kome bort. Sumt var i lag med andre buskapar, sumt var kome reint or leii. Ein kveld kom han til Kleivane. Då var han reint vanskodd. Skorne var solalause og sokkane holute. Budeia der, ho Kristi, bad at han fekk leggja seg til ho hadde fått vaska og bott kledi hans. Dei var noko skylde.


«Men sengjæ æ vel for har aot deg», sa ho.
«Æ, ho berre jovn, graie ho seg», sa han.


På Kongsberg vende han gjerne tyngdi tå dyri. Der budde det ein rik jordamann som dei ropa for Tiedemann. Han og han Lars var slike bussar. Tiedemann gav han visende om årsburden der aust og om prisane.


«Du får ikke vare så slepphendt i år, det er bra høyår», kunne han seia.


Og ein annan haust:


«Du får vare rimeligere denne gangen, folk har mindre høy.»


Ja, dei ringe fóråri! Dei var ein straffedom for handelskarane. Når Lars i slike haustar spurde dei gamle kjøparane sine om dei skulle ha seg ku, kunne dei svara:


«Vil du kjøpa to kyr av meg?»


Endå han Lars laut ta ymse tunge tap, kom han vel fram, og han handla seg upp til ein velstandsmann.


Det var ikkje tå alle han fekk pengane upp i handi. Ofte laut han bia frå om hausten og til det leid på vinter. Han gav dei då setlar som dei skreiv namni sine på, og dei la han i pengeboki si. Der stod det at del skulle leggja ut pengane sidan, og dagen var nemnd på setelen. Gjekk det trått med å få inn pengane, skikka han dei til ein sakførar, og sakføraren kravde inn og sende pengane til han Lars i posten.


«Da fyl’ù no større dyv mæ ain sakførar eldù mæ ait vanlæ meniskje», sa han Lars.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *