Internt referansenummer: 27.08.2009 – A
Kilde:
Folkeminne fra Rogaland II
Samla av Torkell Mauland
NORSK FOLKEMINNELAG nr. 26
Oslo 1931
Prenta hjå Johansen & Nielsen, Oslo
Klikk her for informasjon om Torkell Mauland
Klikk her for å lese forordet

Fertingstad-kyrkjo

Daa dei bygde kyrkja paa Fertingstad, var det strid um kvar dei skulde setja ho. Sume vilde hava ho attmed Fertingstad-tunet, og der tok dei til aa byggja. Timberet var framkome, muren var ferdug og grunnstokkarne lagde. Men so var det sume som helst vilde hava kyrkja lenger uppe, mest attmed Himmelberget, og ei natt vart grunnstokkarne flutte dit. Dei trudde det var underjordiske som hadde gjort det, og torde ikkje gjera annleis en dei vilde hava det, og so fekk dei flutt timberet og bygde kyrkja attmed Himmelberget, der som kyrkjegarden enno er.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *