Internt referansenummer:B-000020
Kilde:
GAMLETIDI TALER
GAMAL VALDRES-KULTUR I
Av: Knut Hermundstad
NORSK FOLKEMINNELAG
OSLO 1936
Klikk her for å lese ”Føreord”
Klikk her for å lese om Else Lunde frå Nedre Dalen

Festartausi på Lunde

Elsa Lunde, og det ho fortalde


På Nedre Lunde skulde ei festartaus (ei som er trulova) ut joleeftan. Ho skulde på stabburet etter flatbrød. I handi bar ho den store stabburslykelen. Korleis det no gjekk te, veit ingen; men gjenta kom no ikkje tilrettes att, ho, alt dei leita.

Næste joleeftan hende det ingen kunde ha trutt: Festartausi kom brått inn att med lykelen, og då sa ho:

«De må kji koma me i hug. E har det godt nokk. E har de mykjy bere e enn de!»

Då so var sagt, vart ho burte att.

Denne lykelen hadde dei lenge på Lunde, sa han Ola Lunde, bror henne mor.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *