Internt referansenummer: 04.10.08 – A
Kilde:
SEGN OG TRU
Folkeminne frå Møre
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 64
Samla av:
Martin Bjørndal
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1949
Klikk her for å lese fyreordet til boka
Klikk her for å lese en kortfattet biografi om lærer samleren og læreren Martin Bjørndal

 

Finn Eiksund og Kristian den 4.

På ei av ferdene sine til Noreg kom Kristian Kvart siglande sunnantil gjenom Storfjorden på Sunnmøre. Han ankra i Eiksund; der er det god hamn.

Kongen tok ei simpel soldatkappe på seg og let seg ro i land. Han vilde sjå korleis bøndene hadde det på Sunnmøre. Finn Eiksund og sonen hadde vore på fiske den dagen og kom heim i kveldinga. Dei visste ingen ting um kongen; for der låg jamt skip der på vågen.

Dei sette fram båten og bar fisken fram på naustbakken. Då kom der burt til dei ein framand mann. Han var ein røseleg kar med stor krokut nase, hadde kappe og bar stav i handa. Han helsa godkveld og gav seg i prat med del to karane. Dei hadde millom anna fått ei gild kveite den dagen. Den vart framandkaren reint forbina på. Han sette seg ned attmed kveita og skoda på den frå alle kantar. Han tykte det var merkeleg at ho ikkje var einleta på begge sider, men svart på ryggen og kvit under buken.

«Men det underligste er» sa han «at hun har skjæv mund?» 
«Det skal eg fortelje deg,» svara Finn.
«Ja, gjør det,» sa framandkaren.
«Jau,» sa Finn «det var eingong at Jesu moder sat ved Genesaret-sjøen og heldt Jesubarnet på fanget. Då kom der upp or vatnet ei kveite som tok til å sprale og plaske i vassloket. «Du skal verte min feire (fagre) fisk,» sa Maria. Då hermde kveita etter henne og geipte og sa: «Feire fisk!» Men det skulde kveita ikkje ha gjort; for frå den stunda fekk kveita skeiv munn fordi ho hermde etter Jesu moder.»
«Men den tager jeg til aftens,» sa ferdamannen.
«Snakk ikkje um å ta noko,» sa Finn «eller so kan det bli annan dans. Slikt høver ikkje i vår herre konges land.» Då klappa ferdamannen Finn på herda og sa:
«Du har rett min søn! — Men så kan du give mig et stykke.»

Det hadde Finn ikkje sers lyst til; for gav ein burt kveite til rekefantar, so miste ein kveitelukka.

«Du skal få so mykje du vil av den andre fisken,» sa Finn.
«Nei, jeg må absolut smage den underlige fisk,» sa ferdamannen.
«Ja, so må du vere med heim og ete til kvelds hjå oss,» sa Finn.

Det var framandkaren villig til.

Kvinnfolka vart litt stuss då dei såg den rare røslege karen i stova. Men han lo og skjemta, og Finn var i kjellaren etter ei diger ølskål, og til likare gjekk pratet. Då kveita var kokt, vart framandkaren sessa ved bordet. Han åt godt og drakk dugeleg. Då han tok kappa av seg, såg dei at han hadde sers fine klede under, og ein diger gull-kross på bringa. — Han vilde betale for kveldsmaten, men det var ikkje tale um, sa Finn. Då tok kongen ein nyslegen dalar og gav til minste gjenta i huset.

«Det skal du have til minde om mig,» sa han.

Dalaren vart sidan laga til eit brudesmykke (angstei, Agnus Dei) som endå er på garden. So takka han for seg og vilde gå.

«Men du lyt segje meg kven du er,» sa Finn.
«Jeg, er Norges og Danmarks konge,» sa han og lo.     

Dei stod berre og gapte.

«I morgen kan du komme umbord og losse mig til Hjørungavåg,» sa kongen.

Det gjorde Finn. Då dei neste dag kom nord i fjorden spurde kongen um det var langt til Giske. Finn fortalde det. — So sa han farvel med Finn, og dei skildest som gode vener.

Fortalt av Ola Berge, Vartdal

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *