Av fiskeriassistent Olav Jønnum
Hentet fra Årbok for 1970, 48.årgang
Nord-Trøndelag Historielag
Redaktør: Gudmund Leren
Steinkjer Trykkeri A.S 1971

Finn-Kersti-holet på Nordfjellet i Beitstad

På fjellet ovafor Jønnum er det eit pass i fjellet som vert kalla Finn-Kersti-holet. Til dette knyter det eg eit gamalt sagn.

For lenge sidan var det ein lappefamilie som hadde teke opphald borte ved Gilten, og hadde reinen sin på Nordfjellet. Denne lappefamilien hadde ei dotter som heitte Kersti, ho for ofte rundt i fjellet for å sjå etter reinen.

I Dalbygda var det ein husmansgut som ofte nytta fritida si til jakt- og fisketurar i fjellet. På desse turane møtte han ofte Kersti. Dei vart til slutt så godt kjende at dei vart einige om at dei skulle ha kvarandre. Dette lika ikkje lappen, far til jenta, og han lurte på korleis han kunne hindra det.

Så var det ein gong guten var hos Kersti i hennar bopel ved Gilten. Da lurte lappen seg ivrig til det passet i fjellet som i dag heiter Finn-kersti-holet, og laga til eit sjølskot. For som regel bruka folk å fara her da det var kortaste vegen mellom bygda og Gilten.

Da guten skulle fara heim vart jenta med han over fjellet. Men av ein eller annan grunn tok dei ein annan veg fram. Men da jenta skulle heim tok ho vegen gjennom gjelet, og gjekk seg på sjølvskottet, og vart drepen.

Etter dette har gjelet i fjellet fått namnet Finn-Kersti-holet. 

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *