Internt referansenummer: 01.10.2011 – BOK
Kilde:
DAGAR OG ÅR – SEGNER FRÅ SALTEN
Ragnvald Mo
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 37
OSLO (NORSK FOLKEMINNELAG) 1936
Klikk her for å lese ”fyreordet”.

 

Finngubben og Preikaren

Han far min tala um ein slik spelfugl austpå. Han hadde egla seg inn på ein reisande predikant. Finnen bantest og var svær i kjeften. Og alt medan preikaren skulde aga han, bad finnen han gang med seg til kyrkjegarden, so skulde han bli mana lukt gjenom jorda. Ja, preikaren var ikkje meir kurnasa enn han gjekk med. So vart han pålagd å stella seg på ei grav. Og finngubben til å lesa.

«Alle gubbar och gummor koma upp!»

Denne lesnaden sa han tre gonger etter ein annan. So stussa han på urlite.

«Nu skola vi se hur dette vil gå.» Han var då åt å tvila på at han kunde bli snytt for hjelpa. Og slik gjekk det; preikaren vart standande like ferm på gravkanten.

Men so baud preikaren seg til. Jo, det skulde han få, sa gubben. Men her vart ålvor av. Vel gubben hadde stelt seg av, tok grunna under han til å gje etter, og finnen soppa i alt meir og meir. Men han vart standande kvar til han var komen i mold til knea. Då var det han som laut til å be for seg. Og preikaren gav han fri (Saltdal).

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *