Kilde:
FOLKEMINNE FRÅ YTRE SENJA
Arthur Brox
Illustrert av Karl Erik Harr
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 117
UNIVERSITETSFORLAGET 1976
ISBN 82-00-27130-7

Fiolinstørja

Notmennene i Sifjord var på mange vis eit festleg folkeferd, romslege i sinn og tankegang og utan alt for mange hemningar. Dei var suverene på sildefeltet, og det var ein fest å sjå dem i arbeid der. Men når «slaget» var over, og dei kom inn til byen, kunne det nok av og til gå litt over streken.

Ein kveld var eit av bruka i Harstad, og gutane slong opp gjennom gata. Dei hørte musikk frå «Festiviteten» og la kursen dit. Då dei kom i døra, fekk basen sjå eit kjempestort instrument som likna ei fele. Han bråstoppa, snudde seg til notfolket og sette i:

«Dyrade glunta, ser dokker den fiolinstørja ?»
(Hans O. Leikvik)

I de tilfeller at det ikke er noen stedsangivelse i historiene, legger jeg ut historiene i alle kommunene som dekker Senja, det vil si: Berg, Torsken, Tranøy og Lenvik.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *