Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Fiskarstrand Hornmusikk, Fiskarstrand

Fiskarstrand_Hornmusikk-Fiskarstrand
Fotograf ukjent.
Første rekke frå venstre: Birger Vegsund, Jarle Brathaug, Oddvin Fiskerstrand, Arnold Fiskerstrand, Olger Brunstad, Asbjørn Dybvik, Per Hanken.
Annen rekke fra venstre: Helge Fiskergård, Sigmund Sunde, Petter-Otto Nilsen, Bernt Valseth, Reidar Sunde (dirigent), Petter Blomvik, Einar Tranvag, Kaspar Dybvik.
Tredje rekke frå venstre: Petter Vegsund, Ottar Fiskergård, Ole Dybvik, Noris Korsnes, Arne
Fiskerstrand, Ottar Endresen og Olav Fiskerstrand.
Dessuten er desse med: John Blomvik, Peter Valen, Peder Fiskerstrand, Sigmund Tran
våg, Perry Fiskerstrand, Oddbjørn Fiskerstrand og Reidar Breivik.

Fiskarstrand er ein av skulekrinsane på øya Sula i Borgund herad på Sunnmøre. Borgund har rike tradisjonar når det gjeld song og musikk, men Fiskar-stranda har først kom med i den seinare tid. Fiskarstrand songkor vart såleis starta i 1947, og Fiskarstrand hornmusikk kom først i gang 20. august 1955. Når korpset ikkje kom i gang før, var det ikkje manglande interesse som var grunnen, men tilhøva har ikkje vore dei beste. Ein stor del av ungdomen har sitt arbeid på sjøen og er lite heime, og elles har bygda vanta kyndige folk til å ta seg av saka.

Då det vart tilsett musikkinstruktør i Borgund i 1954, kom det straks fart i saka, og korpset vart starta. At bygdafolket var levande interessert synte seg m. a. på den måten at berre 14 dagar etter starten hadde korpset ved gåver og innsamlingar i bygda fått inn 10 000,— kroner. Dermed var det økonomiske grunnlaget sikra. Med å ta opp eit lån på 6500,—kroner kunne korpset gå til kjøp av instrument til 26 mann.

Første formann vart Bernt Valseth, og styret elles: Asbjørn Dybvik, Sigmund Sunde, Olger Brunstad og John Blomvik. Styret var det same i 1955.

Korpset øver i sløydsalen ved Fiskarstrand skule. Dirigent er lærar Reidar Sunde.

Medlemene er interesserte, og korpset har hatt god framgang den stutte tida det har vore i gang

Korpset spela for første gong julaften 1954. 17. mai 1955 kunne bygda for første gong feire dagen med eigen hornmusikk.

Instrumenta er frå ASS Tema, Bergen. Dei er av god kvalitet, forsylva og i etui.

Medlemstalet er nå 28.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.