Internt referansenummer: 26.09.2011 – BOK
Kilde:
DRAUGEN SKREIK – Tradisjon frå Lofoten
Dagmar Blix
(Klikk her for å lese om Dagmar Blix på Wikipedia)
(Klikk her for å høre utvalgte kåserier av Dagmar Blix på NRK)
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER NR. 93
UNIVERSITETSFORLAGET – OSLO – 1965
Klikk her for å lese ”Føreordet”.

Fjella på friarføter

Det fins ei mengd med sagn og fortellingar om den tida då fjella var veldige troll som dreiv fiske eller fangst, reiste på friarferd og låg i strid og krangel og prøvde å lure kvarandre — just slik som menneskja til alle tider har gjort og gjer.

I gamle, gamle dagar var Vågakallen ein rik og mektig storgubbe, og ein vakker dag kom han på at han ville gifte seg. Først såg han nordover og fekk auga på den fagre Hinnmøya. Henne ville han gjerne ha til brur. Så sendte han bod nordover og ba henne pynte seg til brur og stelle i stand brudlaup. No var rett nok Hinnmøya trulova før, men når ein slik storkar kom på friing, så ville ho svike den første venen sin og gifte seg med Vågakallen. Så ho pynta seg med krans og krone og slør og sat der så fin og fager og venta på at brudgomen skulle kome og hente henne. Alle fjelltrolla nordetter kysten undra seg og tala mykje om storbrudlaupet som var i vente. Det kom og kjærasten til Hinnmøya for øyra. Han vart rasande over at ho ville svike han, og så tok han sjumilsstøvlane på og rusa avstad sørover leia. Så fort gjekk det at han nådde fram før Vågakallen, for han tok det no meir med ro og ville ri med eit stort og staseleg følgje og hente heim brura. Men gubben nordfrå tok henne over akslene og bar henne med seg, og det gjekk så fort at brura miste både sløret og kransen. Dei er endå å sjå på eit høgt fjell på Hinnøya. Brudehesten står og der, sala og ferdig til brudeferda. Det er det fjellet dei kallar Møysalen. Vågakallen måtte fare heim utan brur, men han var så sinna at han reiv laus fjellstykke og heiv både hit og dit.

Men Vågakallen slo ikkje giftartankane ut av hovudet sitt for det. Han visste av ei fin og fager trollmøy langt sør på Helgeland, det var Lekamøya på øya Leka. Ho kunne vere eit høveleg gifte, og så la han i veg sørover og skulle fri. Men Lekamøya hadde ein friar til, det var HestmannenHestmannøya. Han sala den veldige rappe gangaren sin og la i veg sørover leia. Han meinte nok at han skulle kome først, for Vågakallen hadde ikkje hest og måtte bruke føtene. Vågakallen hadde ikkje labba mange steg før han såg ein ryttar som kom ridande i rasande fart og skulle same vegen. Den mørke kappa og manken på hesten flagra i vinden av den veldige farta — slik som vi ser det teiknar seg mot himmelen den dag i dag.

Vågakallen såg medbelaren sin og skjønte at han ville nå snarare fram til Lekamøya, vart han så urimeleg sinna. Han reiv laust eit fjellstykke som kunne høve til pil og skaut det etter Hestmannen. Just på same tid låg Torgtrollet og lauga seg i havet nord for Brønnøy. Det høyrde hestetramp og våpengny og sinte gaul, og så ville det gløtte opp og sjå kva dette var for eit leven. Med det same kom pila til Vågakallen susande — og gjekk rett igjennom hatten til Torgtrollet så det vart eit stort hol, og det holet kan vi sjå den dag i dag. Pila trefte altså ikkje Hestmannen, men skeiva ut og datt ned ute i havet nedpå Helgelandskysten. Der står ho endå og er lett å sjå, det er det bratte og høge fjellet som heiter Trænstaven. Sola kom opp og la gullet sitt over fjell og nutar, og då vart alle trolla til berg og stein — alle utan Vågakallen, for han hadde kome seg i haug medan det enno var tid til det. (Kabelvåg.)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *