Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

«Fjellblom» musikklag, Vang i Valdres

Fjellblom_Musikklag-Vang_i_Valdres
Fotograf ukjent.
Første rekke fra venstre: Nils O. Wangensteen, Trygve Lunde, Gjevre, Ola K. Sevre, Arne Hagerup, dirigent, Amund Hensdsen, formann. Lars O. Wangensteen.
Annen rekke fra venstre: Gunnar N. Heen, Boye N. Wangensteen, Andris Hoverstad, Gunnar A. Gjevre, Kjell Hagerup, Torstein Kongelien, Helge Heen.
Tredje rekke fra venstre: Boye O. Wangensteen, Hans Blystad, Arne Gjevre, Boye Olav Wangen steen, Kåre Gjevre.

Vang i Valdres er ei typisk fjellbygd, klemt inn mellom høge fjell.

På denne grøne flekken, som har sprengt seg inn i den mektige fjellheimen er det «Fjellblom» musikklag har sitt virke.

Tanken om å få i gang eit musikklag ble sett fram ved eit ungdomsmøte på Åsvang skule den 14. mai 1951, og her meldte det seg 14 stk.

På same møte ble det valt 3 mann til ei nemnd. Desse skulle gå i gang med pengeinnsamling og kjøp av instrumenter.

Desse ble valt: Hans Blystad, formann, Andris Høverstad og Ingvar Løkken.

Utover sumaren og hausten ble det halde ymse slag festlege tilstellingar, samstundes som det ble sett i gang ei ti-kronerulling. Tilsaman gav dette ein fin netto, som saman med gåvor frå interessert hald, både kommunalt og privat, gav høve til tinging av instrumenter.

Like over nyåret 1952 kom den fyrste sending av instrument. Like før utgangen av januar kom ein ny sending og øvingane kunne taka til.

Den 30. januar 1952 ble det fyrste møtet halde hjå Hans Blystad. Der møtte det fram 11 mann, og kvar ein av dei fekk utdelt sitt instrument.

Arne Hagerup tok på seg å vera dirigent og leidar for laget.

Seinare var det øving kvar veke på Åsvang skule, og der har laget sidan hatt sitt faste øvingslokale.

Musikklagets fyrste offentlige opptreden var 17. mai 1952. Det var eit nokså enkelt program laget hadde å varte opp med, men alle, både musikere og publikum, var tilfreds og gleda seg over dette tiltaket.

Lagets seinare framgang og trivnad har vore god, når ein reknar med dei tilhøve det arbeider under.

Hausten 1952 ble Ole Sevre. valt som formann.

I 1953 ble Amund Hesåsen formann, Ole Sevre nestformann og Lars O. Vangensteen kasserar og skrivar. Desse er og det noverande styre.

I 1954 ble det kjøpt 8 nye instrument, og laget har no 19 medlemer.

Laget har engasjement 17. mai ved Åsvang og Fredheim skule. Det har ogso deltake ved eit songarstemne i Grindaheim i Vang, våren 1953.

Laget er representert ved eit medlem av styret i Valdres krets av N. L. G. A.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *