Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Aodne Bjørndalen

Han Aodne Bjørndalen var fjellmann. Han budde i Bjørndalen. Det er eit dalslad som går upp ifrå Hamla¬grøvatnet, mellom seks og sju hundre meter over havet. Det låg ymse stølar der før, og det var vel so at busta¬den hans Aodne hadde vore støl i gamal tid. Han Aodne budde åleine med lyden sin i denne dalen, og det var miler å gå for dei nådde i folk. Han sat på eit plass etter foreldri. Det var eit stort og goda plass, endå so avbakleg det låg til. Dei fødde upp til ti naut og attåt ein skokk med sauer og geiter. I fjelli var matdyr og i vatni fisk med dei turvte og vel so det.


Det var kloke og fyrevise folk i Bjorndalen. Ein av dei gamle der sa kva dag han skulle døy, og det høvde. Dei såg og høyrde mangt og mykje i fjelli som andre folk aldri ansa på. Ein tå dei gamle var jortar: han tagg maten to vendor. Det var smakleg å få upp att søtleg mat. Usmakleg mat var ikkje jamt so fysen. Verst faren var han når han hadde ete sur sild, sa han. Ho kom upp att tri vendor.


Om hausto gjorde han Aodne jamt ei ferd til Kvam. Sume år kunne lyden hans vera med òg. Dei gjekk då i rad som i fjellet: fyrst han Aodne, so kona og deretter borni, og borni gjekk jamt etter alderen. Dei måta gjerne tidi soleis til at dei fekk høyra preik i Øystese. Det beid ikkje kyrkjebenker då, anna innkledde sæte. So var det ein høgtidsdag han Aodne kom inn i kyrkja i lag med eit par tå smågutane sine. Borte med døri nuppa dei i far sin:


«Ka baos ska me væ i, far?»
«Teg no stidle, gudlabodn. Me ska ùppao skòkkjen, me», svara faren.


Men oftast gjorde han Aodne ferdene åleine, og han var då jamleg ute etter korn. Den tidi han sat på plasset etter foreldri, avla han oftast det kornet han turvte. Han hadde vasskvern òg. Eit bel stod ho i Rasbòregroæ, sidan i Kvednhusgroæ. Han sette ei dem-me i Demmekjødrnæ der, og då hadde han årgangsvatn å seia. Då han flytte åt Aodnehagen (eit plass), då vart det ikkje større korndyrking med han, og so laut han råda seg til korn eller mjøl på onnor vis.


Han hadde mange vener i Kvam, og han sat mykje der i stovone og ralla. Han var so hard til å skratta. Denne skratten vart til eit ordtøke. Når einkvan gapte på og lo, so sa folk ofte:


«Nai, detta æ rett ain bjødndalsskratt!»


Han bad aldri. Når matmori i eit hus spurde om han turvte noko, sa han jamt:


«Å, mykje syndo da!»


Matmori fylte oftast i eit fat med mjøl og sette uti døri. Då takka han og gjekk.

Eg håttar vel siste hausten han var her. Ho mor hadde etla han ei mjølsåd, og sette eit fat uti døri, soleis som ho hadde gjort før.


«Eg ha etla deg noko mjøl», sa ho.
«Nai, takk, eg æ sjølhjelpen i vinter», sa han.


Dei var vaksne, borni, då.


Det var ikkje so beinspelt å få grjonet fram. Men han Aodne var sterk og hardbalen. Ja, han skulle vera so radt uvinneleg sterk, og folk fortalde mange sogor om makti hans. Ein gong skulle han ha bore ei tunne korn frå Botnen i Fyksesundet og fram til Bjørndalen. Ein haust kjøpte han ei tunne havre på Fykse. Han bar henne til sjøs og rodde henne inn åt Botnen. Der fekk han lov på kvern. Ein tå gutane var med honom, og han kom til å væta ut kornet noko. Melderen vart ikkje so fin, men so var dei ikkje so vande på honom i Bjørn¬dalen.


Ein vår var han Aodne på veg frå Botnen med såd¬korn. Då han kom åt Hamlagrøvatnet, la det til med stridregn, og det låg vaude på vatnet. Då han kom heim, var han våt til skinnet, og grua var kald og svart. So skulle han gjera upp eld, so han fekk verma seg og turka kledi sine. Men trur du at han fann stikkor? Han leita rot og ræte, men vart like klok. Sistpå kom han over ei øskje med — ei stikke! Han sanka då i hop all den never han kunne finna, og eld fekk han. So kledde han tå seg og la seg, og om morgonen var kledi hans turre.


Eit år var det stutaløyse i Bjørndalen. So var det ei ku som baud seg. Det leid ut i november, og det var hålkeføre. Kva skulle dei gjera? Han Aodne leita då fram ein meis, og so batt han kui i meisen, og so la han i veg åt nærmaste gard. Sume stykke bar han, og sume stykke leidde han, og vel kom han fram, og vel kom han attende. Denne soga fortalde han Aodne sjølv med meg ein gong me sat i lag i stova åt son hans på Rosseland.


No bur det ikkje folk i Bjørndalen. Han Aodne vart den siste. Eit bel var dalen geitabeite, so sauabeite, og no får det feite fjellgraset veksa som det vil. Husi har longo rotna ned.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *