Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Asbjørn Maursæt

Han Asbjørn Maursæt åtte stor jord på Maursæt. Fødnaden var ei tjue naut, eit par hestar og dertil sauer og geiter. Han dreiv jordi godt, ein kunne ikkje anna seia. Men like vel var det reinsveidet som åtte hugen hans. Og stor fjellrnann og veidemann var han.

Han kunne seia med kona si:

«Eg ve ao mæ stubben, eg, å sjao ém eg kann fao tak i ait troyù-vyrkje aot ai tao smaotausena mina.»

Han åtte seks gilde døtrer. Det var tryggast å ikkje taka anten børse eller reir på tunga, det kunne gå ut over veidelukka. Når folket hans kom utpå tunet om morgnane, då kunne han liggja i ei høysåte og sova. Men ein reinsskrott hadde han mest jamt attmed seg.

Han veidde mykje i Storlinuten, og det gjekk ikkje lange beli mellom kjøtmåli. Borni skar reinskjøt i skivor og klinte smør på. Ofte var dei so leie tå kjøt at dei gret. Det hende at dei varm det ikkje ned. Då gjekk dej åt fastermannen sin med store knybbe.

Alle borni vart store og sterke og godt for seg.

Oftast var han Asbjørn åleine på veideferdene sine. Ein haust hadde han lag med ein gut frå Kvammen. Ein mole frå Juklen gjekk dei seg på eit reinsfylgje på kring eit hundre dyr. Det leid so langt på året at stå-reinen hadde teke til å halda etter simla, og dei vart vise med ein stå-rein i flokken. Det hender ofte at ungreinen lyster hjelpa stå-reinen i arbeidet hans, og soleis var det her òg. Men haldaren var ein fullvaksen rugg, og han jaga småreinen ut or flokken gong på gang, og han bura so ein kunne høyra honom ein halvfjordung.

Då skokken kom nærvare, såg dei at det var eit gildt dyr, med svære sveivar og ei brundfjøl so brei som eit plogjarn. Dei drog seg no fram på ein liten hang, so på lag ei fire hundre alner frå flokken. Der sette dei seg til å bia, for dei totte at skotmålet var noko langt. Når ein kjem inn på eit fylgje i brundtidi, er ein jamt trygg på å få dyr, om ein då berre varar seg og ikkje uroar haldaren. Får varsimla vinden tå folk, eller ho får auga på dei, då vert ho uroleg og vil ta ut. Men haldaren spring ikring og gjegnar dyri i hop att, og han ansar ingen ting anna enn simlone. So lenge han ikkje vert skremd, kjem dyri ikkje tå flekken.

Og soleis var det her òg. Gong på gong freista varsimla å taka ut, og dyri fylgde etter, men haldaren dreiv dei saman att. Då kunne ungreinen smetta seg bortåt ei eller onnor simle, og haldaren greidde ikkje å gjera noko med dette. Med denne leiken gjekk for seg, kom flokken nærmare haugen, og so small det. Storbukken og ein fire-åring vart liggjande att på skoti. Dyri sprang no rundt i ring, før dei fekk veret tå karane, og i denne kvinglingi la dei ned endå fire dyr. Då totte dei at det laut vera nok for denne gongen.

– Han Asbjørn åtte so klok ein katt: Om vinterkveldane sat Asbjørn mykje og spikka på skeier, han var so glup med kniven, og då sat katten på akslene hans. Når Asbjørn ikkje var heime, då sat katten ute i tunet og bia til han kom att, ville aldri vera inne då. Han Asbjørn hadde mykje moro med denne katten. Når han hadde slite hol på vottane sine, so kasta han dei berre ifrå seg ute i tunet. Då tok katten dei i kjeften og bar dei åt kona, at ho skulle bøta dei.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *