Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Helge Skjeggjadalen


Dei var noko for seg, skjeggjadølene. Dei budde so åleine der uppe i den vesle dalen, og kom lite i lag med folk frå andre grender. Dei vart so ålytsame både i ord og gjerd, med slike ordnotar og med slike fakter. Dei var som ein stor huslyd, kan ein seia. Difor vart dei so frie og so tillitsfulle.


Folk nedantil fjorden vart vakne når dei møtte ein skjeggjadøl. Høyrde dei eller vart dei vise med eitkvart i ord eller åtferd som dei ikkje var vane med, so fekk det
«ord i skor».


Han Helge og kona kom med høyfarm over Vetla¬vatnet. Båten var godt sett, det beid ingi «bord for båra». Han Helge rodde, og kona stod. So svinga han Helge båten inn i ei vik, og dermed miste ho fotfestet. Båten kantra, og båe kom i vatnet. Folk ovantil garden sprang til og berga dei.


«Kùrlais slysna detta te?» spur¬de dei.
«Slysna te? Va da ikkje dan kjeringjæ so skriva for lite», svara han Helge.


Folk sa at han Helge var like stor veidemann som faren, han Knut. Han Ola Bøno låg med Floren og gjætte. Ein dag kom han Helge upp med gjætslemat.


«Eg fekk auga pao ain stor'e grao'e sau å ait stort graott lamb ùppmæ Storenuten i gjaor», sa han Ola.
«Eg vait ikkje kem so aig'e dai.»
«Dai æ mine, dai», sa han Helge.


Og han upp, og reinane fekk han.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *