Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Knut Hildal

Han Knut Hildal var veidemann. Han fælte ikkje for eit kast med bjørnen, og ymse dyr av dette slaget la han ned. Han Sjur Hildal, setlabokmakaren, fortalde so mykje om han Knut, håttar eg. Han var ingen stor mann, sa han, med knøten og frumvaksen. Og so kunne han no stjorna eit gevær. Børsa hans skal visst liggja etter han på Sveinsgjerd. Ho hadde flintalås.

Me var no berre styvingar då me frette at han Knut etla seg på bjørnaveide. Då var me ikkje seine, skal eg seia deg, før me stod i Knutatunet. Der heldt han Knut på og stelte til børsa si. Spør om me fylgde med då han ladde!

Det hadde kome bod til han at det gjekk ein bjørn i Skjeggjadals-fjelli. Heile garden var samla i tunet då han gjekk. Eg tykkjer eg ser han for meg endå, med skreppa på ryggen og geværet under armen.

No gjekk me og bia og bia at han Knut skulle koma att — me åtte ikkje fred. Jau, so kom han. Og so vart det forteljing. Han hadde funne bjørnen i lii upp ifrå Ringjadalsvatnet, sa han. Bjørnen freista å koma seg undan, og la på vatnet. Og han Knut etter i båten. Og no vart det kapping over vatnet. Bjørnen sumde snøgt, men han Knut rodde snøggare. Då han kom innpå honom, søkkte bjørnen seg, so det tedde berre i nos og nakke. Men det var nok for Knut. Han méda på nakken, og nakken råka han.

Han Knut hadde jamt to kulor i pipa når han skaut på bjørn, sa dei. Det låg ein bjørn med Grastjørn, under Grjostølnuten. Det er på vass-skilet mellom Jysendal og Fjæra. Han hadde kome sørantil, og skulle vera so overlag stor. So skikka dei bod etter Knut. Dei sette lian der dei trudde at bjørnen kom. Men Knut fekk ikkje lov å sitja eismal, for bjørnen var so stor. Han Viking Vintertun var med honom — han var bjørnaskyttar, han òg, endå ikkje av dei stridaste.

So kom bjørnen.

«Han æ so stor'e at me tore ikkje skjota», sa Viking.
«Jauggù skjyt'e me, ùm han æ jamstor'e mæ Øyktarnuten», sa Knut.
Denne nuten ligg over Jysendal. So skaut Knut, og bjørnen kanta.

Ein haust la han ned ein bjørn uppe i Hildalsdalen. Han Tormod Sveinsgjerd var med. Dei hadde ikkje etla seg på bjørnaveide, skulle av og finna seg kjøtbyrder.
Best det var, kom det drivande ein tev innot dei som av ein gris. Han Knut visste kva dette bjådde.

«Denn' bjødnen kann ikkje væ langt bùrte», sa han.

I ein heller under Forsætestigen låg bjørnen og kvilde. Det var grøne syreblekkje ikring helleren, og dei fleste hadde bjørnen gnege av, hadde vel hatt seg frokost.

«No mao du vakna», sa Knut.

Og bjørnen upp, og bykste upp på ein nakke, og der fekk han kula si.

Folk sa om han gamle Knut at han ville ikkje skjota på sovande dyr. Det er snart å tru at han hadde ikkje teke denne vågnaden om han ikkje hadde lite på seg.

Det lever tå ætti hans Knut, både på Hildal og i Sveinsgjerd.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *