Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Knut i Katle


Han Knut i Katle vanka mykje i fjellet. Det var no dette fisket og dette veidet. Men fiska og veidde gjorde dei, mest alle i Eidfjord, so det er no lite å fortelja. Men det var eit anna gjerermål han Knut hadde for seg, og dette var han heilt åleine om. Han reidde reinshorn or fjellet, og so raspa han dei upp til mjøl, og sidan drog han til Bergen og selde mjølet åt dei fine fruone. Dei nytta det til hevd på stoveblomane sine.


Der var sakte nok å taka tå der uppe på Viddi. Det låg digre haugar med horn på dei gamle veidestadene. Det meste fann han vel borte med Finse.


Han var jamt so spekt tå hundane. Der beid no so mange tå dei i gamal tid, og gaula og gøydde gjorde dei på alle framandfolk. Men dei var omframt ågjengne mot han Knut, kor det no kunne ha seg. Ein gong kom han til Fit. Då sette hundane på han.

«Ola, Knut, Sveidn! E de haima? Dai helvites hundanne dekan ve skambita meg!» ropa han.

Jau, so kom han Ola og kalla hundane attende.

«Ja, detta mao eg tola fy å fao hodn», sa Knut og vårkynte seg.


Ein sumar kom han fil Hedlùthalsen, skulle henta heim ei klov med horn. Med same han tok i buadøri, då sette det til å knurra inne i bui. So sette han Knut seg til å bia på husbonden, og der vart han sitjande like til om kvelden. Han trudde at det var ein hund inne i bui. So kom han Svein Fit, og han let upp. Då smatt det ut ein mjølrakke mellom føtene deira.

Ein dag steig Knut inn i stova åt namnen sin, han Halte-Knut i Hagen. Han rodde folk og varor over vat¬net, han. Han Halte-Knut sat nett og åt middag då, det var kumlor. Han Knut i Katle lika kumlor, og han hadde ikkje hatt noko imot å få ein smak med.

«Du navne! Eg fengje ikkje røa mæ deg naor da li'ù uti veko? Eg fengje deg ikkje te føra ai kùmlù-last ne-ùm vatne aot meg?» spurde han.


Han Knut gjekk på legd dei siste leve-åri. Dei var no ikkje like snilde med han i alle hus. Men han tala aldri vondt om noko menneske. Når dei spurde han kor han hadde hatt det der og der, so svara han jamt:

«Da fær de spyrja dai sjøle ùm.» Han slokna på Fleto.


Han var slik ein barnaven, han Knut. Eg gjekk mykje til han, endå eg var berre ei åtte-ti år. Og då han låg i kista, laut eg ned og sjå han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *