Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Knut Skjeggjadalen

Skjeggjadalen ligg aust og upp frå Tyssedal. Høgdi over fjorden er
ikring fire hundre meter. Det går no brei bilveg upp i dalen. På ei ti
minuttar er ein framme. Dalen er ikkje lang, og går over i
Ringjadalsvatnet eller Storavatnet. Frå dette vatnet reiser fjelli seg
høgt til vers på alle leier, utan den sida som vender mot dalen.
Nedetter fjellsidone stuper det store fossar ned i vatnet.

Det stod ei gamal årestove i Skjeggjadalen eller i Dalen, som folk sa. Ho Gamla-Marta fortalde om henne.

Ho var ti alner i firkant og bygd tå stort rundtømmer. Ho åtte ikkje
vindaugo, sa ho, anna ljore. Ho Marta budde i denne stova i ungdomen,
og i denne stova var ho fødd. Her fekk ho auga på jolasveinane. Dei kom
inn åt henne og tala åt henne. Ho trudde so visst på dei. Dei siste
tretti-førti åri nytta dei stova til arbeidshus. Dei reiv henne ikring
1850.

I 1812 hadde dei bygningsfolk uppe i Dalen. Dei skulle ha seg ny stove.
Ho Marta var då 24 år. Han Knut Åse var ein tå bygningsmennene. Han
tala ofte med henne Marta, men ho ansa ikkje større om honom. Då fekk
han stelt i henne eit vinglas med nokre blodsdropar det var visst or
fingen. Då vart ho ør etter honom, og kunne ikkje sleppa augo tå honom.
Dei sa at ho sat på tømra med honom i arbeidstidi om dagane. Og so vart
det bryllaup. Men då dei kom frå kyrkja i Odda, då hadde den sterke
hiten kolna. — Folki ovantil Dalen var jamt innom til jordamannen i
Tyssedal på attendevegen når dei hadde bryllaup eller sjaunder for seg.
Der i Tyssedal reiv ho Marta brurasylvet tå bringa og kasta det i
fanget på brudgomen, og sette på at ho kom aldri til Dals meir. So laut
han Knut tutla seg upp i Dalen åleine. Vermori spurde kvar han hadde
gjort tå bruri. Han fortalde då kor det stod til.

«Ja, no ha du fengje 'ne, antan da æ tao Gud gilde hinmannen, å no fær du ha 'ne», sa ho.

Ho Marta kunne ikkje trivast uppe i Dalen, endå ho var fødd og ali der.
Ho ynskte ofte at heile dalen hadde vore full med stein. Han Knut hadde
lova henne då han fridde at ho skulle få flytta ned åt fjorden. Men
denne lovnaden kom han aldri til å halda. Jordi var bygslejord under
Bleie. Han Knut reiste ut i fjorden til han Lars og løyste henne inn.
Hadde ho Marta visst dette, hadde ho aldri teke han, sa ho. Det belet
pengane gjekk so ned i verd, då var han Knut skuldig to hundre dalar.
Han skaut då ein oter med Vassendfossen og løyste seg or skuldi. Han
Knut lika dalen. Han hadde fjelli og dyri innpå seg på alle lejer, og
det høvde han godt.

Me høyrde at han Knut snudde på hugen hennar Marta. Han låg inne på
fleire slike fautor. Folk sa det om han at han kunne fjetra òg. Det var
dei som hadde vorte vise med at fuglane hadde sett seg på handi hans.
Om ymse tilgangar ute i naturi hadde han sermerkte meiningar. Ein dag
stod han og skoda på ein verboge som gjekk frå Brakupsæ og til
Vassenden.

«Da æ storlaikjen pao solæ, da», sa han.

Han kunne seia kvar vindane kom ifrå Og. Ein dag stod det slik ein kaldgufs frå nord.

«Da æ kaldt i dag», sa han Knut, han stod og gnika seg i hendene.
«Han æ tao noraust, kjenn'eg. Å ja, dar æ 'kje varmare dar han kjem'e ifrao.»
«Kar æ da dao?» spurde ein tå gutane.
«Da æ ifrao Juklen, da. Eg ha sjøl'e vò dar.»

Han var heller ingen tosk til å svara for seg. Ein vår var han med og
bygde på Espe. Kona kjanka, at det gjekk so seint med arbeidet. Ein
morgon brigsla ho han Knut for di han var so seint uppe.

«Du ha sove godt frampao i dag», sa ho.
«Ja, eg ser at solæ æ alt komæ», svara han.

Det var nok kona han tenkte på med soli.

Augo hans og hendene hans stod ikkje attende for dei andre gode sidone
hans. Nokre karar heldt på og sette upp ei stove. Det var seks-alna
vegger. So kom han Knut, ville sjå på arbeidet deira. Han var noko upp
i åri då, og dei unge snikkarane brydde seg kanskje ikkje so mykje om
han.

«De byggje skjaivt», sa han, «veggjena dekan æ ikkje baine.»

Og det var so. Men det var so lite at berre det gløggaste auga kunne gå det.

Om vintrane laga han stampar og strumpar, kaggar og kinnor, gardsvelde
og husbunad, og alt var fint og fete. Ymist vende han åt fjordfolk. Han
kunne og sitja ikring i stovone med laggingi si. Ein vår var han hjå
Knut Brattespe. Den dagen han skulle reisa, drog det noko ut før han
kom i veg.

«Da li’ù langt no», sa han Knut.
«Ja, dyre deg li'e da langt. Me ha snart jonsoke», sa han.

Men ikkje noko gjekk han so upp i som veidet. Det var sakte mykje både
tå bjørn og rein og andre dyr på fjellet ikring Dalen i gamal tid. Det
hende at bjørnen kom like heim åt husi.

«I dag ha han vò tilæ ùppe, han Tòmòs, grannen min», sa Knut ein morgon om hausten det låg nysnø på marki.

Det var nok bjørnen han ropa for granne. Når dei stod og slo på heimabøen, kunne dei verta vise med dyradottar i Einsæten.

Han Knut var no òg tå dei som råka det han meda på. Ein gong ville dei
prøva honom, og so sett dei upp ei bógskildre tå ein sau, ei 150 alner
borte. Han Knut sette tri kulor midt i skildra. Ein sumar hadde han fem
bukkar gåande i Aoholet, upp frå Ringjadalsvatnet. Bukkane var skjerre
og beiti stygge, og so laut han skjota dei. Han sat i båten og skaut.
Han la ned dei fire, men den femte let han gå.

«Ve du ikkje ta dan òg?» spurde dei.
«Han stend'e so ulaglæ te at eg fær ikkje sekkja kulo attùm oyra, å dao fær da væ da sama», sa han.

Då dei hadde bore bukkane ned i båten, synte det at dei hadde fått skoti attom øyro, alle saman.

Bjørn tok han både med sjølvskot og med munnladningen sin. Ein gong la
han ut sjølvskot i Bjødnaliæ inne med Ringjadalsvatnet. Kulone berre
meidde bjørnen, og so tok Knut og Helge (sonen) ut på leiting. Nede med
vatnet kom bjørnen imot dei, og då var han ikkje blid.

«Skjot fyst'é dù sa han Knut.

Han Helge skalv so på hendene at han bomma.

«No kjem 'an å ve ta aoko», sa han.
«Teg berre stidl'e, du. Midt i skadlen ska han ha da», sa Knut.

So sette han seg ned på det eine kneet til å bia. Og so small det. Jau, kula nådde målet sitt.

Det var bjødnarekster, og han Knut sat. Då kom det ein kar, og sa at no
stod bjørnen eit stykke borte og glytte attom ein stein.

«Eg ska glytta mæ 'an, eg», sa han Knut.

So stilte han seg innpå, og so laut han ned, denne bjørnen òg.

Ein dag kom det folk frå fjellet, og dei kunne fortelja at dei hadde
fått auga på ein bjørn. Eit par ungdomar sprang inn etter børsone sine
med same, skulle i veg. Han Knut var noko uppe i åri då, so dei stod i
evet om dei skulle ha han med. Dei rodde innetter Ringjadalsvatnet, og
skola upp i lii. Det var der bjørnen skulle vera. Best det var, sette
den eine guten i og skreik:

«Dar kjem"an?»

Bjørnen heldt då på og slepte seg nedetter nokre skòrer. Det vart ikkje
so at dei kom seg til å skjota, ungdomane. Men han Knut la børsa åt
kinnet, og bjørnen kanta.

Tå alle dyr var det reinen han Knut la seg mest etter. Han fanga honom
i graver. Eit stykke inne på Viddi, aust for Dalen, skal det vera
vister etter ei grav. Elles bruka han helst munnladningen sin.

Stundom kunne han få dyri upp i hendene. Men det var ikkje jamt so. Det
råka at han gjekk dag etter dag, utan at han fekk auga på eit dyr. Ein
gong spurde dei han kor langt nord han hadde vore.

«Eg ha vò lika te dar austavinden kjem'e ifrao», sa han.

Ein vår fór han og tumla over heile Vest-Viddi. So vart han matlaus.
Han kom seg til mannar i Eidfjord. Der fekk han mat, so mykje han berga
seg heim att.

Han var overlag fimføtt. Det var berre so mykje han sopa nedpå marki
med føtene. Han slengde dei ut i ein boge for kvart stig. Møtte han ei
tuve, steig han aldri over henne, kasta berre foten til leds. Han
syntest liksom å gå på fjører, og fór som ein vind over Viddi. Og aldri
vart han trøytt. Ja, han var ein eitel.

Han sa at dersom han blodvikte seg når han etla seg på veide eller var
på veide, då fekk han dyr. Ei natt låg han under ein heller. Om
morgonen stanga han hovudet upp i taket, og blodet fluste nedetter
andletet. Då sette han på sjeli si:

«Hùn tùrke, vaie eg ikkje i dag, so vaie eg aldri!»

Og før kvelden korn, hadde han fått dyr.

«Fær eg kringga dyræ, so æ dai faste», sa han ofte.

Han ladde børsa i spranget. Han hadde krut i ein papirpose, so mykje
som han turvte til eit skot, og so beit han hol i posen og rende krutet
ned i pipa. So ein dott med ladteinen og so inn med kula!

Ein haust var han Knut og han Helge på reinsveide i lag. I Raidnaskòræ
(ovom Tyssestrengene) vart dei vise med ein dott. Han Knut skaut, og
ein bukk stupte. So treiv han børsa åt sonen og sprang til gjegnskøytes
med dyri, og so la han ned eit dyr til.

Det hende at han råka på andre veidemenn. Ein gong hadde han veidelag
med nokre eidfyrder. Dei gjekk seg på ein stor dyraskokk borte med
Hårteigen. Men då dei var i ferd med å stilla, var han Knut heg'i ein
stein med den eine foten — og dyri flaug.

«Kafy gjore du detta?» sette eidfyrdene i.
«Eg vilde berre sjao kùr dai sprang, eg», svara han.

Det vart då so at dei skilde lag. Men då leita han Knut upp dyri, og so skaut han det han ville.

Ein haust møtte han eit par eidfyrder med Skaolsnuten, sør for
Hårteigen. Han spurde om dei skulle ha veidelag, men dei var ikkje noko
for dette. Eit bel etter råka han på ein dyrakank, og han skaut tri
dyr. Med han heldt på og gjorde upp, kom eidfyrdene byksande, dei hadde
høyrt smellane.
«Kar vatt da tao dyræ?» spurde dei.
«Dar fór dai», sa han Knut og peika på Folgefonni (på hi sida åt Sørfjorden ).

Borte med Kodl råka han på eit par austmenn, og det vart so at dei kom
til å vera seg i hop med natti. Om morgonen spurde dei om dei fekk
veidelag, men han hadde ikkje noko smaul på dette. Då han skildest frå
dei, sa den eine:

«Eg tenkje me fær halda på dan stora fonni der burte», og peika på Folgefonni. «Ja, gjer da», sa han Knut, «so finn'e de dyr».

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *