Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Lars Bu


Han Lars Bu budde på Neset med Kvanndal. Han fødde eit par naut og nokre sauer og geiter. Han gifte seg med henne Jorunn Vikane. Ho sa med han at ho var om hender, men det kom aldri noko born.


Han Lars var overlag spræk. Han hadde ikkje lært å dansa runddans; ungdomane vann på han i den vegen. Men i hallingkast beid det ingen som nådde honom. Han kasta uppunder betane i stova hans Åmund Kvanndal, over tri alver. Han var då ein gamal mann.


Men her skal me fyrst og fremst koma i hug at han var ein svær veidemann. Børsa hans nådde i alt som i skogen og på fjellet var, frå rjupe og hare og upp til sjølve bjørnen. På rjupeveide kunne han fata børsa åt felagen sin, om han hadde skote ladet or si eigi børse. Og då fauk fjørene.


Ein gong skaut han på ein bjørnsunge. Det var uppe i Verkadalen, og dei var tri mann i lag. Om han drap ungen eller ei, det skal vera usagt. Men han kom aldri for dagen meir.


Attmed der var ei stor heldraskuffe. Storbroten burk¬ne stod som ein vegg framfor heller-opet. Med same Lars hadde løyst skotet, hadde han binna over seg. Ho kom frå helleren. Det bar i tak med same. Han Lars sette hovudet inn i bringa hennar, so ho ikkje fekk skava for mykje i hovudet. Ho gnog han no sund i bakhovudet, kosser, og då ho slepte han, hogg ho han i låret.


«Eg kjende at eg hadde graitt te leggja binno i bakkjen», fortalde Lars sidan. «Men eg vaoga da ikkje, fy ho kunne ha rive meg raint sùnd'ù.»


Han bad dei to lagsmennene til å skjota, men dei våga ikkje å løysa skot med han Lars og bjørnen tokst. Og ikkje vart det sidan heller. Og binna fór.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *