Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Måns-Ola

Det var berre fjellet med han Måns-Ola. Han låg uppå Viddi ei tolv-fjorten vekor om sumro i ei femti-seksti år. Han sanka ir, han gjætte, han fiska og han veidde. Der kjende han seg heime, der lika han seg.

Det var ein storvaksen og velbygd mann. Han gjekk i skinnklede heile året, og blanke knappane skein både frå vampe og brok. I alderdomen fekk han kvitt hår. Det hekk som ein krans nedover dei breie herdane. Han var noko grebben og grov i målet.

Han var overlag spræk i ungdomen. Folk flest budde i røykstovor då, og desse stovone hadde jamleg eit par betar tvert over stova. Dei kunne vera so ei tri alner og ei 16-18 tumar over tilet. Med joli fór karane i grendi ikring i stovone og svarla, og han Ola var òg med i desse lagi. Han kunne då hogga seg fast i ein bete og svinga seg uppå honom, og der kunne han setja seg og syngja eit vers eller to, før han bykste ned att. Men han kunne òg krypa upp gjenom ljoren og upp på toka. Derifrå bykste han so ned på tunet. Han Ola var åleine om dette meisterstykket, og han fekk jamt ein omfram øldrykk eller ein dram for verket.

Frå dei gamle vòrane stakk det ofte ut ein stokk til å festa båtane i. Han kunne vera upp til ei fem-seks alner. I bryllaupi moroa han Ola seg med å gå att og fram på desse stokkane. Det var ikkje andre enn han som prøvde seg på dette.

Det seier seg sjølv at ein so spretten kar som han Ola laut ha seg ei kone. – Ein kveld med joli han sat i eit drykkjelag, sa han:

«Ja, no fær me ne aot hinne Sigri.»

Ho hadde nyleg vorte enkje, og han Ola hadde gått og glytt på henne Sigrid. Jau, so bar det ned åt henne Sigrid. Dei knatta på døri både ein gong og to gonger, men ingi Sigrid kom.

«Eg trur hùn rùgge meg ho æ ai rangkjeksa», sa han, «eg ve ikkje ha nùkù mæ 'ne.» Og so var han i ferd med å gå.

Då stod ho i døri. Ho baud no karane inn. Han Ola kom til å vera seg der eit døger, til om tredag, og sidan vart det gifting.

Folk kalla henne Skarpa-Sigrid, og samlivet deira vart ikkje berre solskin. Ein haust etter slaktingi skifte han Ola kjøt og ull og skinn i to luter, og so sa han:

«No fær du velja ka du ve, å so fær me skjyljast fy detta live.» Men det vart nok ikkje noko tå.

Han Ola fekk stove med henne Sigrid. Ho stod noko innom Sekse ungdomshus, uppe i bakken der. Dei kalla henne Maons-Olù-stovo. Dei fødde ei ku og nokre sauer. Han Ola kausa mykje med kui si, og dei treivst godt i hop. Ein kunne mest seia at ho var som ei dotter i huset. Når ho skulle til fjells, so slapp han jaga henne, ho fylgde etter han som ein hund. Når han kvilde, so la kui seg attmed honom, eller ho stod attmed honom og slikka honom. Han fødde ein borkut hest eit bel. Han fann ospelauv og orelauv åt honom ruska i hop; han fekk jamt for lite høy.

Dei heldt seg godt, han Ola og ho Sigrid. Han Ola bryggja og bryggja sterkt. Vart det nauvt med malt, koka han godt i hop med brakabær. Han bryggja eit slag øl som han kalla «kål-øl». Dette ølet var vel meir som eit tunn-øl eller som eit skvip. Han skjenkte oftast kål-øl fyrst, sidan kom god-ølet fram. «Godt i velt!» sa han då.

Det er ikkje betre å seia: dei sakna han Ola, grannane, med han låg i fjellet. Han hadde ymist for seg der. Det var no dette iret, som nemnt er. Det var eit gult steinmjøl. Han reidde kløv etter kløv til bygdar, og vende sidan åt målarar i Bergen.

Mange sumrar gjætte han sau. Han hadde like godt lag med dei som med kui si. — Ein sumar skulle han gjæta sau for Hovlands-folki i Reppane. Med han sat på Vetla-trædet og kvilde, kom ho Anna ovantil eggi, og ho Anna var grannakona hans, det.

«Set deg ne, Anna, so ska me røa litt», sa han Ola, og ho sette seg då attmed honom. So var han nedi skreppa etter ei flaske med kål-øl.
«Tole du da fy live ditt, kona, so drikk», sa han.

I over tjue år låg han bortpå Viddi og gjætte stutar. Fyrstundes på sumaren beitte dei i Omnskjelen, sidan i Grøndal, eit stykke frå Hårteigen. Der var gode beite, og stutane la nytteleg på seg der borte. Av og til «salta» han dei. Ein gong vanta det ikkje mykje på at dei hadde trakka han i hel. Leiga var ein dale for kvart dyr.

Han gjorde eit i-lag. Stutane var då gjegna, og han hadde frie hender til andre gjeremål. Han mura upp ei bu med Omnskjelen, ovanfor det minste
Omnskjelvat net. Ho låg inne i ein jordbakke, og hadde store hellor til tak. Han laut krabba inn, og når han sat på tilet, nådde han mest unpunder taket. For skreppe og børse og anna sovore stelte han til op i murane. Dei kalla henne Maons-Olù-buæ. Det var so ven ei utsyn over beiti frå denne bui.

«Du vett'ù skuldig'ù meg mykje fy dan», sa han med Kristen Hovland. Han Kristen åtte støl der i nærleiken.

Elles åtte han mange hæve ikring på Viddi. Sume var so nøve at han laut smetta inn i dei. Med Løkjena hadde han ei, ho rømde tri mann. I desse buene heldt han seg om nettene og i uvers-rier.

So bygde han vardar og reiste upp steinar. I Dimmedalen står det ein høgreist varde etter han OIa. Ein kan sjå han langveges ifrå. Dei kalla han
Maons-Olù-varen.

Mang ei aurekoke drog han upp. Han fiska både med troe og garn og nót, både i elvar og vatn: i Bjødnabotnen, i Kvennsjøen, i Kvenno, i Dimmedalsvatni, i Svartpytt, i Veig — og andre stader.

Men størst liv hadde han for reinen. Han var gravkjend på Viddi, visste om alle dyradrag. Fann ikkje han Ola dyri, so fann ingen dei. Han kom jamt i gjé når han fekk auga på dyr. Alt i eitt laut han upp med hovudet og glytta. Stundom fekk dyri kvémen tå honom — og so flaug dei. Då skaut han i jaget, og i den vegen var han meister. Fyrsta han hadde skote inn i ein flokk, so ladde han og sprang til ein stad der dyri kom att, han visste so vel kvar han kunne venta dei. So stod han der med munnladningen sin. Ein gong la han ned tri dyr soleis.

Det råka at natti kom på honom. Han la seg då i eit tå hævi sine eller under ein heller eller ein stein. I fint ver kunne han leggja seg på slette fjellet. Han reiv torv tå skarv til overbreisle, om natti vart kald. Sovesekker var audkjende då.

Ein gong gjekk han på ein dyrahop, vest for Hårteigen, og der skaut han eitt dyr. Dei andre tok ut, og Ola etter, sprang og ladde. Han råka dei att med
Solheimsbuene, men dei greidde seg. Flokken tok no vegen åt Falkabrotet, og på vegen dit la han ned tri dyr.

Sør om Viersdalen fekk han auga på ein dott på ein nut med berre ein nedgang. Og der stod han med børsa og skaut etter kvart som dyri kom. Han la ned ei fem-seks dyr der.

Han Ola og han godfar var borte med Grøndal og leita etter dyr. Dei kom over ein stor flokk. So sa han godfar:

«No held'ù eg pao dan bukkjen te vinstre, å so kann du ta dan te høgre.»

Med same han høyrde smellen, so slepte han skotet, han òg.

«Da heldt eg pao òg, da», sa han då han såg at dyret hans godfar stupte.
«Nai», sa han godfar, «kulo di draiv burti dan fonnæ dar».

So sprang han etter dyri og ladde, og so fekk han eit, han òg. Det var mest eit vingl at han la ned dyr på roar-skot.

Han Ola fylgde ikkje so nøye med i almanakken, og det slysna tiI at han felte dyr i utid. Ein gong baud han kjøt til ein embetsmann i Ullensvang.

«Det er jo dyrekjøtt», sa han, «vet du ikke at loven forbyr å skyte ren på denne årstiden?»

Han Ola la imot, og sa at dei gamle skaut fritt, og so hadde det jamt vore. Då melde mannen honom. I retten gjekk skrivaren hardt inn på han Ola.

«Ha ikkje skrivaren lese da so stend'n i bibelen —.»
«Nå, hva står der i bibelen?» spurde skrivaren.
«Dar stend'ù at du skal ernære deg av det som er i landet», sa han Ola.

Skrivaren dømde han til å bøta ti dalar.

Han Ola var all sin dag ein fatig mann, og han åtte ikkje pengar til denne boti. Lensmannen hjelpte han visst til å få boti noko ned. So gjekk kona hans ikring i grendi og bad i hop til resten. Alle gav, stime nytteleg, ikkje eitt hus sa nei. Kona fekk ikkje inn berre det som til høyrde, men ein god klatt attpå. For desse pengane kjøpte han Ola bygg, og melte og bryggja åt grendingane sine.

Han Ola var aldri tråbeden om ei fjellferd. Seint ein haust drog han til Bjødnabotnen etter ei kløv for ein jordamann. Det var noko ost som hadde stått att etter buføra. Med han var på stølen, korn det ei stor snøfelle. Han skjøna at det var uråd å koma attende buførevegen, han låg for høgfjellt. So reiste han om Valldalen
og Røldal. Langs Holmavatnet og i Vivassdalen laut han gå fyre øyken og brøyta. Det var ikkje lange stykki dei greidde om dagen, og dei laut liggja ute under berr himmel natt etter natt. Hesten nådde ikkje i mat og tok til å drabba, og so laut Ola gje han tå nistematen sin. Heime rekna dei med at dei såg korkje han Ola eller øyken meir. Men til mannar kom dei, båe.

So gjekk åri, og han Ola fór til og eldest. Syn og høyrsle var ikkje so skarpe lenger og føtene ikkje so fime. Det gjekk soleis at den gamle munnladningen mykje-godt fekk hanga i ro på veggen. Men til fjells laut han grava seg like vel, so sant sumaren kom. På siste ferdi sette han seg på ein nut i Veigursdalen og skoda ut over vidden. Han sat lenge, det var ein ven dag.

«No ynskje eg at eg va 25 aor», sa han. «Dao vilde eg ha sett meg ùpp ai gjild bu her å gove meg te her fy godt.»

Dei siste leve-åri sat han mykje heime hjå oss om kveldane.

«Her æ so godt å varmt so i ai jolastova her», sa han.

Når det leid noko ut i kveldsæta, vart han svevnug. Då la han seg i ei krå og sovna.
Han bryggja sitt eige likferds-øl. Han slokna so styngse, datt og slo seg på hålken. Nokre dagar etter starva han av.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *