Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Nils Leikvoll


Han Nils Leikvoll var ein stor veidemann. Det var mår og oter og rev og bjørn om kvarandre.


Leikvodlo eller Stushaugen var eit plass i gamal tid. Det høyrde visst under Spildo-gardane. Husmannen ropa dei for Stushaugen eller Stussen.


Det året han Nils gjekk for presten, var han gjætsle¬gut på Nesheims-stølen. Han Svein Nesheim var trulova med ei budeie der, og so laut han no upp av og til og sjå om henne. Ein laurdagskveld stengde han Nils sels¬dori, so dei kom ikkje ut att. Dette gjorde so mykje at han vart ikkje konfirmert dette året. Han Svein var klokkar.


Han Nils lærde seg til skomakar, og han Pål her på garden gjekk i lære hjå honom. Han treivst med arbei¬det, og mange skopar laga han ikring i stovone, men ena betre lika han veidet.


Ein gong skaut han ein bjørn som han ikkje fann kulehol etter. Med han flådde, kom det upp at kula hadde gått gjenom revaholet. Det var visst uppe i Spildodalen, dette.


Han Nils Leikvoll og han Lars Røynstrand var slike bussar. Dei var no handverkarar, og veidemenn, båe. Ein dag etter jol kom han Nils inn i stova hans Lars, ville helsa. Det drygde ikkje lenge før dei var inne i rødor om veide. Om han Lars hadde fått noko rev dei siste vekone? Nei, det var som utgjort, svara han Lars; han hadde ikkje set håret.


«Men du, du ha vel hatt større vaielukka?» spurde han Lars.


Nei, var det likt seg; han Nils hadde knapt nok vorte vis med eit reva-far. So gjekk han Lars ut i døri, og kom att med ein sekk som han Nils hadde sett ifrå seg der — og denne sekken var mest full med fine revaskinn. So gjekk han Nils inn i kleven hans Lars, og der hekk det mange gilde skinn tå same slag, på ei stong der, uppe under taket.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *