Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Oddmund Myrane

Han Oddmund Myrane var or Ørrevikjæ. Det var eit plass under Fykse . Han gifte seg og vart buande på Botnamyrane i Fyksesundet.

Han Oddmund var utifrå glup til å gå i fjellet.

«Du æ for vaogjen i fjedle», sa dei med han, «da kjem'e te gao gale rnæ deg».
«Å, ùm so ska henda – da ha no sett te lika bra baist førr», sa han.

Ei helg kom Botna-folk og Flatabø-folk roande ifrå kyrkja. Innanfor Bjørgjena fekk dei høyra so syndaleg ei remjing. Då dei skoda upp, vart dei vise med ei geit i ei løypeskòr uppå høgaste bergfloget. Dei gamle let so at det kom aldri ufljugande upp der eller derifrå, og aldri hadde mannafot vore i den skòri før.

Han Ola Flatabø lét so at det skulle vera snodig om eit par spræke karar ikkje skulle greia å få geiti or skòri.

Han Ola og han Oddmund lånte ei line som høyrde til på ei jakt som låg med Botnalandet, og drog i veg. Dei gjorde ein stor sveiv uppå fjellet og ut på fjelltrommi. Han Ola batt lina under armane, og han Oddmund sat og gav ut. Fjellet heldra seg då det bar noko ned, og nokre hundre famnar under seg hadde han svarte sjøen. Då gav snuren etter, og der hekk han og sveiv. Han kom då ned i skòri, fekk benda geiti, gjorde signal åt han Oddmund, og han drag henne upp. So fekk han lina om seg sjølv. Det gjekk jamnt og støtt uppetter – til det bråstogga! Og der hekk han Ola, og kom ikkje anten upp eller ned. Jau, so bar det uppetter att, men so sniglande seint. Då han Ola endeleg var uppå trommi, datt han Oddmund i uvit. Han hadde forleita seg.

Ein gong låg han Oddmund med Bjørgjena og fiska. Då stokk det ein stor stein ut or Bjørgjæ. Han Oddmund bykste or båten, endå han var ikkje sumd. Steinen kløyvde båten i to og tok han med seg til botnar, og han Oddmund fylgde med. Han flotna upp at, og so låg han der og kava til det kom ein mann og berga honom.

Ein haustmorgon drog han upp i Altdalen på vedhogster. Marki var hardklaka, og bekkjafar og gyrjerop låg tilfrosne. Om kvelden kom han ikkje att. So drog kona upp til Flatabø, og fortalde at han Oddmund var ikkje komen att or skogen. Dei tok då ut på leiting. Det var ikkje so beinspelt å grava seg uppetter lii i skymingi. Men det vart no so at dei gjekk på honom. Det var då seint om kvelden. Han åtte ikkje mange heile bein der han låg.

Dei laut lata han liggja då. Om morgonen gjekk dei upp att og henta han heim. Dei fann øksi hans og fersk skòraspon frampå ei nov. Det var sjåande til at han hadde balde på og felt på ei bjørk. Og so hadde han glide utfyre.

Eg håttar so vel siste venda eg tala med han. Det var med kyrkja. Eg stod i ferd med å skuva ut båten min, etla meg heim. Då kom han bort åt meg, og me stod og rødde eit bel. Dagen etter fór han utfyre fjellet og drap seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *