Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Ola i Brotet

Han Ola i Brotet var fjellmann og veidemann. Ein haust drog han innetter Mundheimsfjelli på dyraskjoting. Då fekk han auga på ein stor, fin hjort, og ei liti huldragjente sat på ei tuve og gjætte honom. Brot'en sette til og skaut. Då ropa gjenta:

«Å mor, mor! Tenk, han skaut Busseringjen!»
«Å hebn 'an!» svara mori.
«Ja, æ 'an go' å hebna! Han ha alt vasst seg onde ain hengjande vasskadl å ha ai grøn torva på bringo!» ropa gjenta attende.

Det var nok ikkje berre denne eine gongen han Ola vart ute for huldrafolk. Tidleg ein morgon vart han vis med to huldrakarar utpå fjorden. Dei korn roande til lands utmed Grjotholet. Dette holet var eit klebersteinsbrot utanfor Gravdal. Dei hadde vore på fiske, og so skulle dei vodla nóti si der. Dei hadde ei fin fiskahonk med seg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *