Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Ola Kaland


Han Ola Kaland låg ute i 1814. Du finn namnet hans på minnesteinen i Kinsarvik. Han var storskyttar. Ofte var det so at ein mann ladde, og han Ola skaut. Kula nådde jamt målet sitt, sa dei. Han bruka munnladning. Ein gong var han nær dauden. Ei kule gjekk gjenom ryggsekkcn hans. Han låg ute i fire år. Då kom han attende til Kaland.


Han gifte seg i 1822 med henne Ingebjørg Osa. Ho var halvsyster åt lensmann Osa. Dei fekk tri born. Han Ola og lyden hans sat på Haugen. Han fødde eit par naut og nokre sauer. Det var mykje svelteforing. Han avla noko kissebær og noko eple. Og so korn og pote¬tor. So fiska han ei og onnor koka til husbruk.


Men fyrst og fremst var han veidemann. Det var so mykje nise i fjorden då, og han Ola visste å finna henne. Han bygde seg ein båt med eit slag voggesvip, og denne båten var so lett å snu. Fyrsta nisa hadde fått skotet, hadde ho lag til å søkkja seg. Då laut han vera der med haken sin i same blinken. Det råka at han kunne koma att om kveldo med ei fire-fem nisor. Men sume dagar vart det ingen ting. Han flådde tå spekket og koka til lyse. Folk bruka lyse i kolone. Han selde det meste åt folk rundt ikring i grendene. Eg trur han tok for halvkanna. Kjøtet nytta han ikkje, det eg veit, endå nisekjøt skal vera godt.


So hadde han eit godt auga til oteren. Han er eit natt-dyr, oteren, og om medno går han upp frå fjorden i ei eller onnor skòr, og der ligg han til om kvelden. Låg det nysnø ein morgon, då fór han Ola Langs strendene og leita etter oterfar. Han visste no om lag kvar oteren gjekk upp. So fylgde han faret, og so sette han seg eit stykke ifrå oterholet og bia til oteren skulle ut på ny veideferd om kvelden — og då small det.


Han kunne òg sitja etter oteren om nettene. Inne med Nesheim er der ein stor stein det kallar Veidesteinen, og der sat han ofte. Ei natt kom det upp ein oter med ein diger aure og sette seg på steinen til å eta. So kom det ein rev og vart vis med dette, og so
spring han til og vil taka auren. Dermed ber det i hop. Best det er, velter oteren seg på sjøen med reven — og so ber det under med båe to. Om eit bel flotnar reven upp att, og då er han daud. So kjem oteren òg, og etlar seg uppå steinen, skal halda fram med måltidi. Då er tidi komi for han Ola. Den natti hadde han gjort eit gasta varp, totte han: han kunne gå heim att med ein rev og ein oter og ein aure.


Mang ein kobbe la han ned òg. Det var meir i fjordane tå dette slaget før enn det er i dag.


Om vårane, i speltidi, sat han etter orren. Ei vende var han i lag med han Jo, tå Ingebrigt-huset, og dei kom gåande ovantil Dalane. Då vart dei vise med ein bjørnsunge. Han Jo hadde alt fått børsa åt kinnet, men Ola treiv han i armen, og sa at dette fekk han lata vera. Eit bel etter høyrde dei binna lenger uppe. Då var dei fegne at dei ikkje hadde terga henne upp.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *