Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

 

Fjellmenn og veidemenn

Han Ola Opedal

(Bildet er kun et illustrasjonsbilde)

I gamal tid drog folk gjerne til fjells om hausto og fiska og skaut. So var det ein mann ifrå Opedal heitte Ola. Han sette til fjells seint ein haust, og hadde hunden sin med seg. Men det varde og det rakk, og han kom ikkje att. Veret var ruske, og tidi leid, og han Ola heldt seg i veidemannsbui si. Han var verfast, og kunne ikkje koma heim att for den fæle snøen. Dei levde tå fisk, både han Ola og hunden. Hunden fekk beini, og han Ola åt fisken. Hunden feitna, men han Ola tok av. Då bytte han om og gav hunden fisken og åt beini sjølv. På den måten gjekk det likare. Men om eit bel var fisken faren. Då drap han hunden og åt han upp, og so tenkte han på å leggja seg til å døy. Med han hadde det som verst, kom det ein rein svivande framom buadøri. Han Ola skaut honom, og so hadde han kjøt til å eta og feld til å verma seg med.

Over jol klårna det upp. Det vart kaldare, og snøen støna og fastna. Då tok han på heimveg.

Heime trudde dei at han var avliden. Han Ola hadde vore ein vyrdnadsmann, og ein dag samla grendi seg til gravøl. Dei bar til rottes mykje skjenk, so høgtidi kunne verta mannen til ære.

Best som folk sit ikring bordi, vert det slik ei dynjing ute i dori tå einkvan som slær tå seg snøen. Om eit bel kjem det inn ein mann med forvakse skjegg og innsveipt i ein reinsfeld. Sume hymtar på Kaldavadguten og sume på gardvorden, og alle vert forstokte. Men so ynskjer mannen signing over laget og god jol attpå, og då kjenner dei att målet hans Ola. Men alle tykte det var underleg at han skulle koma heim att til sitt eige gravøl.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *