Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Tomas Reinsnos

Han Tomas Reinsnos skaut den fyrste reinen sin då han var tretten år og den siste då han hadde fylt dei sytti. Mellom vårfrumess (25/3) og mikjellsmess (29/9) var han i reinsfjellet ein gong om veka, om ikkje noko sers kom på, og det var vingel at han ikkje hadde kjøt i meisen sin.

Han styrde jordi for bror sin i femten år, og sidan lét broren han få eit plass under jordi si. Dette plasset vart han sitjande på lengste tidi tå livet sitt. Då han kom noko upp i åri, flytte han åt dotter si (Agot) på Buanes under Meland i Ullensvang.

Reinsnos er ein fjellgard, og ligg ikring ei mil inn mot Viddi. Segni seier at det var veidemenn frå Telemark som rudde og bygde der. Ein kan no òg knapt ynskja seg ein meir lagleg bustad for veide, å ja, for fiske òg, med fjellvidder og vatn rundt ikring seg.

Og han Tomas sjølv var godt skikka for fjellet. Han var lettbygd og langføtt, og tolde svolt og kulde. Ein dag gjekk han på ski frå Reinsnos til Bjødnabotnen og attende, han skulle henta ein buskapskjel åt nokre fjordingar. Sumarvegen mellom Reinsnos og Bjødnabotn er vel ei åtte-ni mil. Men han Tomas tok beine leidi, veit du, han gjekk isane. Kom uveret på honom, so reiv han upp mose og kjése og lyng og torv, og la seg attåt ein bergvegg eller under ein heller, dytte seg ned.

Børsa hans var ein munnladning. Det tok ei tri-fire minuttar å lada ei slik børse. Dei gamle sa at han kunne vera fjusen når han ladde, gav seg ikkje tid. Krutet brann då ikkje jamt inn. Han kom upp i ymse uheppor for det same.

I mange sumrar var han gjætar på ymse stølar på Viddi. Han la då ned mang ein rein, og mang ein aure drog han upp or vatni, ja, stundom tok han honom med vottar på hendene. Spurde folk han om han ville gjæta for dei, kunne han seia:

«Æ da mykje dyr å fisk ikring stolen dekan?» Let dei då so at det var flust i den vegen, då var ikkje han Tomas vand å få.

Ein sumar gjætte han for Fresvik-folk i Belebotnen. Presten Vibe låg der på ferie. Ein sundag kom han springande inn i bui etter børsa.

«Det går noen ren borti bakken her», sa han, «har du ikke lyst på et dyr, du også?» «Eg skjyt'e aldri dyr pao sundag», sa han Tomas.
«Hvorfor det?»
«Eg trur da æ synd.»
«Ja, tror du det er synd, da bør du la det være. Men det tror ikke jeg.»

Og dermed fór presten. Eg veit ikkje om han fekk noko.

Det var so upp og ned med reinen. I 1840-åri låg Vest-Viddi aud for dyr ei tri-fire år. Han Tomas laut då like aust i Numedals-fjelli. Då kom det vel med at han var fim på foten. Andre tider kunne det aula med dyr. Ein gong fekk han auga på ein dyradott som rekte uppetter Breiavass-isen. Mellom Fuglatuvo og Juklavass-høset beid det ikkje slit i dotten. Det er ikring tri km mellom desse to stadene.

Det vart då upp og ned med levemåten òg. Stundom var han matlaus, og stundom hadde han flod-sjo. Det kunne vera vonde dagar, mest for kona og dei seks borni.
Ein morgon var fati tome, og han Tomas til fjells. Det var om våren, og fint skareføre. Med Juklavasshøset fekk han stiren på ei simle. So slysna han til og støkte henne med han stilte. Simla tok vegen over Breiavassisen og Blåvass-høset, og han fekk no ei lang spøne. Endeleg nådde han henne att med Larsaheldren, og der fekk han henne. Då han kom heim om kvelden, sa kona:

«Eg ha hatt so vondt tao deg i dag. Kruttye ditt heng'e att'e haima.»

Og det var sant. Han hadde ikkje fleire skot med på denne ferdi enn det som låg i børsa.

Han Tomas og han Jyrund Hildal råkast i Bjødnabotnen ein haust. Han Tomas hadde eit par søner med seg, og dei hadde gått i mange dagar og skygnt etter rein, men fjellet var heilt tomt for dyr, tottest vera. No hadde dei ete upp nista si, kva skulle dei gjera? Han Jyrund var ein god mann, og han sa:

«Ga haim ette mat aot deg å sønena dine, so ska eg fø gutanne te du kjem'e att'e.»

Han Jyrund gav han niste med på vegen, og han Tomas tok ut. Han grov upp potetor, og sette kona til å koka og reinska og baka, og so på Viddi att. Attmed Kodl fekk han auga på ein stor dyradott. Men han ville ikkje løysa skot, for han hadde ilt tå det for sønene sine.

I Bjødnabotnen låg mange veidemenn og bia på dyr. Dei visste at dyri drog upp der om hausto når dei hadde stått lågt eit bel. Då dei skulle leggja seg om kvelden, laga han Tomas det so at han fekk han Jyrund for seg sjølv. So blinka han til honom og sa:

«Eg tenkje me søv'e frampao i maoro, eg å du.»

Og dei so gjorde, og musla og stelte med børsoase sine til heile laget hadde kome or synet.

Han Tomas fann att dyraflokken i ein dal, men han lika ikkje stillet. Han drog seg fram attom tuvor og steinar til eit anna stille, og dei hine fylgde etter, men ikkje det heller lika han. Fyrsta då dei kom til det tridje, var han nøgd. Han tok då to gilde bukkar i eitt skot. Dermed treiv han børsa åt den eine sonen, og la ned den tridje, og i neste blinken hadde han geværet hans Jyrund i hendene — og der stupte den fjerde. Han Jyrund fekk helvti tå veidni.

«No ha eg rikjelæ att'e fy eg fødde gutanne dine», sa han.

Han Tomas var i kast med andre dyraslag òg, endå ikkje so ofte. Ein dag om vinteren sat han og kvilde eit stykke upp ifrå garden, han kom frå ei utløe med ei høybyrd. Då bykste det ein skrubb over skiene hans. Han Tomas frir frå byrdi og skreid ein snarveg ned-åt garden — det var børsa! Då sette ei kone i og skreik, og skrubben rann. Det harma han Tomas mykje, dette.

Sjølve bjørnen méda han på eit par vendor, endå det vart ikkje til at han la ned noko. — Ein vår han var ute etter reinen, gjekk han seg på eit bjørnafar, og eit bel etter fekk han auga på bjørnen. Soli vermde godt med dagen, og han låg i ei endaskòr i Solnuten og sov.

Han Tomas skaut, men brende berre perla. Bjørnen vakna tå kletten og spratt upp. So går han imot han Tomas, der beid ingen annan veg or skòri. Ho var sværande nøv, og han klemde seg attåt veggen — og det same gjorde han Tomas. Med same bjørnen strauk seg framom honom, sette han i ein fis, det var vel som ei helsing. Då han Tomas skulle sjå til, då låg det att bjødnahår på bergveggen.

Ein vår kom han Tomas og han Hallstein Skarde ut for ein bjørn uppe i Reinsnos-fjelli. Dei la seg attom eit par stednar til å bia. Og der kjem bjørnen ruggande. Då vart han so andløgd, han Hallstein, og spruta i og lo. Og det var ingen liten lått heller. Dermed tverrsnudde bjørnen. Han Tomas var ikkje lite forøven over dette ferdalaget hans Hallstein.

«Eg laut læ. Eg kom i hug at denne ruggjen skù vò nùkù te kjedlaremann i brudlaupe hans Ola Uppigar.»

Då han Tomas ikkje var fjellfør lenger, flytte han frå Reinsnos og ut i fjorden åt Buanes, som nemnt er. Han skaut upp ein jordamole der til ein åkerlappe, og der avla han potetor. So var han av på arbeid dagar og dagar. Han hadde ein annan bordskikk enn fjordfolket. Han reinska potetone med neglene og tok kjøtet or fati med nevane. Han skar det aldri sund, beit av stykke for stykke. Det var elles gildt å ha han til bordnøyte, han fortalde so mykje frå fjellet. Der hadde han vorte ute for huldri òg.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *