Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Han Tormod i Katle


Når eg tenkjer på han Tormod i Katle, lyt eg koma i hug da gamla Oyfjor. Det var den gamle bygdi og det gamle livet han høyrde til.


Dei hadde teke til å arbeida på riksvegen her nede med vatnet då. Det fylgde mykje sjau og ståk med dette gjeremålet. Ein langfredag rauk det upp til slagsmål mellom aovetningane og villslusken. Han Tormod stod og skoda på dette. So tykte han at slagsmålet var hosta makt. Dermed var han under eit stabbur etter ein kornstaur, brant han so i to over knei og tok til å «friska på slagsmålet». Og rett var det so at det hjelpte.


Han var sterk, og han hadde ikkje noko imot å syna styrken sin. Ein gong var han med og heldt ein hest, dei skulle skjera han. Denne hesten hadde sidan ei helta som han aldri vann heilt over. Han Isak Ygre (hestahandlar, slåstkjempe) trudde at det var etter kly¬pone hans Tormod.


Men det var no ikkje styrken hans me skulle fortelja om. Eg tenkte helst på å seia nokre ord om fjellmannen og veidemannen.


Han gifte seg i ung alder (1858), og fekk eit tungt hus (ti born). Han åtte ingi jord, so det vart mest på fjellet å lita. Eg vil ikkje kalla kona hans ei utøyda, men ho var tå dei som auste i ofsen. So fekk ho sidan nigla i naudi.


Ein haust møtte dei vinteren med seksten reinsskrot¬tar og ei og ei halv tunna med laks og ein gild gris. Men vårfrumess var huset tomt. Han far gjekk gjenom Katle-tunet ein dag. Då stod der eit barn med vindauga med eit fleskastykke i ei hand og eit kjøtstykke i hi og beit skiftevis tå koro. So det kom vel med at han Tormod grov åt huset.


Det var ikkje få hundre dyr han la ned i si tid. Ein gong var han i veidelag med han Olmod-Nils i Gardatun. Dei hadde gått og skygna eit par dagar, men noko dyr hadde dei ikkje set likt til. Ein kveld la dei seg til i Hansbu. Med han Nils sov, smette han Tormod seg ut og la ned åtte dyr.

Det snudde seg so til at det vart liggjande ein flokk med aovetningar ein haust i ei veidebu på vestfjelli. Alle hadde børsor, og alle skulle freista veidelukka. Han Tormod var med i dette laget.


Åltidleg om morgonen, med hine sov, då stilte Tormod seg ut på fiti, og han var både brokalaus og sokkalaus. Han sa jamt sjølv sidan at han skulle ut og kasta vatnet, kva som no er sant og ikkje sant. Nok om det. Han høyrde grynting tå ein rein ikkje langt undan. Dermed stilte han seg inn att etter børsa, og no tok det til å smella. Då han kom inn att, sa han:


«No kann de raisa haimatt’ù å fortelja at de he vò i lag mæ 'an Tormo i Katle.»


Det kom upp at han hadde lagt ned fjorten dyr den morgonen.


Mange haustar var han førar og hjelpesmann i dyra¬fjellet for konsul Gran frå Bergen. Han Tormod hadde ikkje då børsa med, konsulen lyste å greia med skjotingi siølv, han. Ein gong råka dei på ein diger dyraflokk. Gran skaut, men bomma. Reiv då han Tormod børsa or hendene hans — og la ned ni dyr på spranget.


«No kann du fortelja ma damùna dina at skrubben he vò i kast mæ dyræ», sa han då han kom att.


Etter denne tilburden kalla Gran han Tormod jamt for Skrubben, og dette nemnet kom til å festa seg på honom. Men folk la gjerne ei onnor meining i det enn Gran gjorde frå fyrsten. I ein høl på vestfjelli fekk han Tormod ei kløv med aure på ei natt. Etter dette varpet ropa dei heden for Skrubbahylen. I fjellet kunne han gå med strimlor tå reinsnekkjor i lommone. Han tok fram ei og onnor strimle etter som han turvte, og åt som det vøre ost.


Av og til var han i dyrafjellet i lag med engelskmenn. Dei tykte at dei hadde fått tak i ein mann som det var gagn i.


«Vi er beste karene, vi», sa ein engelskmenn ein gong han Tormod hadde skote nokre reinar for dei.

«Maten e beste karen», sa han Tormod.


Ein vår låg han i austfjelli etter mjølrakken. Då fekk han ei frisma i foten. Ho var ikkje so stor, og han ansa ikkje om henne. Men foten bolna upp og gjorde seg heilt unyttig. Han grov seg då inn i ein jordhaug, og der låg han i lag med hunden sin. Hola var ikkje større enn at han hadde armane frie. Med hovudet og det meste av bringa låg han då under berr himmel. Nista tok ende, og der låg han for ver og vind utan anten vått eller turt. Hunden henta eit par mjølrakkar åt honom, og han åt dei råe, sa folk. Eg sporde han om det var so. Men han ville liksom ikkje vita tå dette. So drap han hunden sin og åt han upp.


«Eg laut gjera ende pao hunden min», sa han, «fy eg fælte at han skù riva meg sund'ù naor eg va dau'ù.»


Då folk fann han, hadde han lege i hala si i atten døger. Det hjelpte han at han var so vane med å svelta.


Det var to søner som fann honom. Han var då heller svart i andletet, og han var ikkje feitare enn han rømde godt i kledi. Den eine drog no heim etter øyk, og den andre vart att med faren. Seint ein kveld kom han til Hadlet. Ho Marta Fleto var budeie der då, og ho gjekk etter ei gild mjølkeskål.


«Men du tole ikkje alt i ain drykk», sa ho.
«Kom mæ skaolæ! Eg drikk'ù da so æ, eg», sa han Tormod.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *