Kilde
Halldor O.Opedal
Folk or gamal tid
Folkeminne ifrå Hardanger III
HARDANGER FOLKEMINNELAG 1974
Gjengis med spesialtillatelse av
Hardanger Folkemuseum

Fjellmenn og veidemenn

Kulten

Heile strandi her ikring Ljones og Røyrvik rekstra ein bjørn. Folk tok liere fyre seg og jaga han til fjells. Uppe på høgfjellet spreidde dei seg, fylgdest to og to.

So var det ein or Teigen i Røyrvik. Dei rope han for Kulten. Dei gamle rødde om «kultalygn». Om dette ordet går attende på denne mannen, skal eg ikkje seia, men det er ikkje utenkjeleg. Eg håttar ikkje Kulten.

Det vart so at Kulten kom til å vera i lag med ein unggut som ropa seg for Jakob. Borte i Vesolde-brotò fekk dei stiren på to svyrte. So sa Kulten:

«Dar æ vitterlæ to bjødna!»

Han Jakob hadde aldri set ein bjørn før. Han tok til å gå i tunn, og det vanta ikkje mykje på at han hadde rømt heim att.

«Ver ikkje redd, Jakob», trøysta Kulten, «eg ha kniven i huò mi».

Og so tok han tå seg huva, og der låg det ein diger tolekniv. Det var det einaste våpen han hadde. Men svyrti var ikkje anna enn to svarte sauer.

Kulten lika øl, og handelsmannen i Røyrvik, han Bård, selde denne vara. Og Kulten, han selde, han òg, når han ikkje åtte skillingar til øl. Han vende både likt og ulikt då, so han kunne få seg ei krus.

«Eg får kjøpa kjyrkjebrokjò di i dag», sa han Bård ei preikehelg Kulten vanta pengar.

Jau, Kulten steig or broki og la på disken.

«Sjå no te å få brokjò på deg att'», sa han Bård. «Du lyt' få ei krus for inkje i dag.»

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *