Internt referansenummer: 07.11.09 – A

Kilde:
GJEMNES-MINNE 2008

Fjellvassbu

Etter påske i 2007 tok eg med heim att den første hytteboka som finst på Fjellvassbu. Alt der var skreve med blyant, og for å ta vare på tekstene ville eg skrive hyttereferata på data. Då kom eg over teksta. Den er så velskreva at eg tenkte ho kunne passe i Gjemnes Minne

Teksta er skreva i 1949 av Peder P. Solli, fødd 1923. Han vart slegen i hel av lynet i 1954 på garden Sollia i Angvik. Søstrene hans Ragna, Maggie, Marie og Polla dreiv garden vidare etter at faren også døde i 1962. Maggie døde hausten 2007, og no er heile søskenflokken død utan å ha arvingar etter seg. Alle desse var sers evnerike folk.

Hytta Fjellvassbu på Tomtjønna i Angvik vart bygd i 1947 av Ole N, Olav H. og Alfred H. Solli, alle frå garden Sollilia i Angvik. På folkemunne blir hytta kalla Liahytta. Pinsa 1949 var Peder P. Solli, Olav N. Solli og Ole N. Solli på tur oppi Fjellvassbu på Tomtjønna. Det var på den turen Peder skreiv denne teksta. Og dette kan vel kome inn under gruppa du kallar kulturelt mangfald.

Angvik 24.okt. 2008
Helsing Tora Kjelleberg

Fjellvassbu 29-5-49.

Ja, dagene rinner – ukene svinner og no er det månter og år passert siden den dag vi blev invitert ”med gjenta på smågøy ut i byen et sted, men himmel og hav me fekk taka til takke som stetfiskar oppi trolltjønnom mellom blåbergom langande langt av sted..”

Sant å segja so er det langt imellom kvar gong eg vitjar ”Trolltjønna” som eg no liksom tykkjer passar so godt til namn på dette gilde fjellvatnet – Tomtjønna. Kanskje at sume i alle fall ogso er på ein måte einige i -av dei som har vore her inne eller ute – borte eller oppe, eller  i kva leid det ligg for kvar einskild, samd i at noko trollskt – noko særsynt gildt kviler både over fjell og vatn om det enn er lite. Lite ja – ein framand vil kanskje freista seg med litt karskap og fablar om noko slikt som ”at eg såg då høgre fjell enn her – ja mykje større skog –  og snakk om trollvatn gitt, nei, dei blenkte der som tindrande stjerner bak blåbergflog.”

Ja, ja, so hoppar vi fluksens ned på fast mark att og segjer ikkje meir skryt her. Det er vakkert på mange stader, for ikkje å segje alle…

Denne ”liksomgodhugen” eg har til dette fjellet og desse to ”luneldvatni” her ute stammar vel mykje frå barnetida.  Eg hugsar so godt enno dei fyrste gongene eg fekk dilta etter far til Tommtjønna, kroken kunde vera pålag 5-6 år då. Det var ikkje noko eg gledde meg slik til som barn som å få vera med opp til Trolltjønna, som eg sa, på fisking. Dei fyrste gongene eg fekk gabba etter far på rypejakt – gjekk ogso vegen til Storfjellet eller Åbakkfjellet. Fast og god var søvnen i morkna , falleferdige veidemannsbu på ”susande høghei” – ljos tyktest draumen å vera ved sprakande tørrgaddbål i ly av djupgrøne bjørkerunnar tett inntil stavstille skogstjørn i dimme vår og seinsommarnetter.

Og hytta heiter Trollvassbu,
– om dette namn kva segjer so du?
Eg tykkjer namnet høver godt,
– og attåt dette er det både rundt og flott!

Det er morgon att. Ole og Olav var oppe i rett tid – koka kaffi og ordna i stand frukost. Du kan tru den krutsterke kaffien dei miksa til smaka godt. Tekaka til Ole gjekk det ogso litt hardt utover.

Veret har skifta om i dag. I gårkveld var det vestavind, regn og skodde – stuggurve  altso. Luftdraget står no frå sunnand og land – sola fløymer fritt ned frå den mest skyfri – vårtunge himmelen –  liksom på ”vårstemde strenger”  kviskrar det lunt og lett om alt som mot sumar i emning er – mot det som du ikkje har sett…

Du veit ein gled seg mot sumar som barnet mot jol, – men du må berre rekne med menten og taka det fluksens med tol…

Når eg no sit og rablar og liksom freistar å få til nokre kråketær – nokoslags mest som
”tungfordøyelige kjemiske” lignelser om litt av det eg ser rundt om og tykkjer om dette – ja då fangar auga uvilkårleg det for meg til synand mektuge – draumen og kanskje litt av kjernen i han. Berre slikt som skjeggete graner – djupgrøn lauvskog, blånande fjellvatn, klukkande bekkjir nedetter gråbrune åsryggar mellom djupe fonnskavlar, orresjo frå blaute mosemyrar, og ko-ko rop frå glade gauk bort etter alle ruster og lider – kva er meir verdt enn dette – nei, til du det finn går det sikkert ”meir enn ovlange tider”…

Kort sagt det eg ser kring meg og føler for dette, finn eg på ingen måte brukande nemnelsar, for  –  til det eg kjenner meg kje verd –  den får freista som er lærd.

”Men, eg mene då det, eg då” at ein alltid kjem til å finna litt både til røynsle og som lærdom ogso ute i det fri om du berre har ti….

Helsingens meg!
Peder P. Solli

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *