Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Fjernstyrt lampesløkkjar

Marit Kant var ei samekone som kunne meir enn folk flest. Det er velkjent at ho kunne få kyrne til å gå heimatt.

På alderdomen bodde ho i ei lita stove ute på Øra i Røros. Mannen han Morten hadde andast før henne. Ho var einsam.

Ein haust måtte ho ha operasjon for brokk og dette vart gjort i stova hennar. Der skulle ho liggja og ha tilsyn og pleie av ei sjukesøster. Borte i eine kråa sto eit bord med ei parafinlampe på. Det var langt frå senga slik at ho som låg sjuk ikkje kunne nå bortåt.

Ut på kvelden sa ho Marit:

–    ”Sløkkj lampa for no vil je sovvå.”
–    ”Nei,” sa sjukesøstra, ”jeg må sjå lite grand når du er så sjuk.”
–    ”Sløkje itt du, så gjer je det sjøl,” sa ho Marit.

Og dermed dala flammen seint i lampeglaset til han døydde som ein blå skugge.

Det var omlag som ei usynleg hand la seg over lampeglaset og kvøvde flammen.

Sjukesøstra vågå ikkje å tenda lampa att og ho Marit sov roleg til morgonen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *