Kilde
SOGUR II
GAMALT OR SÆTESDAL VII
Av JOHANNES SKAR
KRISTIANIA
OLAF NORLIS FORLSG
1915

Fjølltrollet

Der var ein liten Gut som gjætte under eit Fjøll; so kom Fjølltrollet
og tok han inn i Fjøllet. Fyrste Dagjen skulde han moka Fjoset, og det
var ei Mil i kvar Kant. Guten var so ille faren; han totte dette var
aldri Raad. Der sat ei gamall Kone i Stoga; so kom han og krauna og
sytte.

”Kva er det du syter fyre, min usle Gut,” sa den gamle Kona.
”Der er Raad til aa. syta,” sa Guten; ”eg skal mòka Fjoset, og det er ei Mil i kvar Kant,” sa han.
”Daa skal eg læra deg ei Raad,” sa Kona: ”du skal beda til Gud, at her
lyt koma somange Fuglar, at Fjoset er reint fyrst kvar fyk av med noko
lite, slikt han vinn bera," sa ho.

Og Guten gjorde so. Daa kom Fuglane fjukande som Mo i Sol, og der var inkje Bil, so var Fjoset reint som det var tvegje.

Andre Dagjen skulde han tekkja Løda med Dun, og den var ei Mil i kvar
Kant; men dette totte han var aldri Raad og var so ille faren. So kom
han til den gamle Kona og sytte.

”Kva er det du syter fyre min lisle Gut,” sa Kona.
”Der er Raad til aa syta,” sa Guten; ”eg skal tekkja Løda med Dun, og den er ei Mil i kvar Kant,” sa han.
”Daa skal eg læra deg ei Raad,” sa Kona; du skal beda til Gud, at her
skal koma somange Fuglar, at Loda er tekt fyrst kvar av dei læt til ein
Dun,” sa ho.

Og Guten gjorde sa. Daa kom Fuglane fjukande so tykt, at der aldri var
Leid med. Og der var inkje Bil, daa var Løda tekt so tett, at der aldri
var Drøpe.

Tridje Dagjen skulde han styva ned heile Skogjen, og den var ei Mil i kvar Kant. So kom han til den gamle Kona og sytte og gret.

”Kva er det du syter fyre, min lisle Gut,” sa Kona.
”Her er Raad til aa syta,” sa Guten; ”eg skal styva ned heile Skogjen, og den er ei Mil i kvar Kant,” sa han.
”Daa skal eg segja deg Raad,” sa den gamle Kona; ”du skal beda til Gud
at her maa koma somange Hoggarar, at Skogjen er styvd, fyrst kvar
styver eitt Tre," sa ho.

Og Guten gjorde so. Daa styrmde der Hoggarar til so det urde. Og der var inkje Bil, so laag Skogjen i Kross og i Krakje.

Fjorde Dagjen skulde han liggja paa Tynner og eta med Svini. Daa kom
han springande inn til Kona og var so fjaag; han dansa Hallingjen, so
fjaag var han.

”Kva er det du er so fjaag fyre,” sa Kona.
”Det er Raad til aa vera fjaag,” sa Guten; ”eg skal liggja paa Tynner og eta med Svini," sa han.
”Daa vil Trollet drepa deg; men eg skal segja deg Raad," sa Kona; ”du
skal ryma og beda til Gud, at der maa koma so stort eit Vatn, at
Trollet aldri slepp yver,” sa ho. Og han rymde og fór som Kona hadde
sagt. Trollet la etter og muna innpaa han. Men so kom der so eit Vatn
imillom dei; daa vilde det sluka Vatnet i seg, og drakk so det rivna.


Sus: Kalvekjød i Gele;
i eitt S.: i et Røre.
krauna: klynke.
Mo: Støv, Solstøv.
tvaa, tvegje: vaske.
styva: kappe af, fælde.
yrja, urde: vrimle, myldre.
i Kross og i Krakje: paa Kryss og tvers.
Tynner: Tornebusk, liyhentræ.
fjaag: munter; lys og let.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *