Internt referansenummer: 28.11.10 – A
Kilde:
MUSIKK-KORPSENE I NORGE
Under redaksjon av Einar M. Wie og Petro Erichsen
(Formann og forretningsfører i Norges Landsforbund av Gutte- og Amatørmusikk-korps)
SCALA FORLAG – OSLO 1956
Klikk her for å lese ”Forordet” i boka og for å se bilder av redaktørene.
Klikk her for å komme til Norges Musikkorps Forbund (NMF) sin nettside.

Flåm Musikklag, Flåm

Flm_Musikklag-Flm
Fotograf ukjent.
Fyrste rekkja fra venstre: B. Nygård, B. Øksdal, S. Heimdal, L. Flåm, G. Melteig, H. Hauge.
Andre rekkja frå venstre: M. Widme, G. Brekke, T. Øksdal, M. Bjernestad, A. Bjergo, J. Øksdal, H. Bjernestad, E. Bekkevoll, M. Annaniassen.

Tanken om å skipa eit musikkorps i Flåm kom fram i Flåm songarlag alt i trettiåri. Dirigenten der, fullmektig 0. A. Haugen, var svært interessert i dette, og det vart vald ein arbeidskomite: N. Heimdal, O. Svarstad, Andr. Flåm, Andr. Monge og John Thunshelle. Flåm Ungdomslag gav stønad økonomisk, og det vart tinga 9 instrument hjå Farre i Oslo. Den 18. april 1933 vart so Flåm musikklag skipa, med 9 blåsarar og dirigent. Arbeidskomiteen stod som styre for laget året ut, men ved nyår 1934 fekk laget sine eigne lover, og det vart vald styre innan laget. Formann var: Andrias Flåm, andre styrelemen var: O. Svarstad, Gustav Vidme, Per Flåm og Håkon Hauge. Etter søknad fekk laget halda til i skulestova, og hadde 2 øvingskveldar i veka.

Dirigenten, O. A. Haugen var ei eldsjæl innan musikken, og laget fekk ein god start. Alt våren 1934 tok laget del i krinsstemna i Høyanger. Haugen var dirigent for laget til våren 1947, då han brått vart sjuk og måtte slutta. Laget heldt fram med øvingane utan dirigent, til Martin Widme overtok i 1953.

Flåm Musikklag har teke del i dei fleste krinsstemner som Sogn Musikklag har skipa, også dei åri laget ikkje hadde dirigent. I 1950 fekk laget seg nye instrument av Tema fabrikat. Seinare vart det skipa eit guttemusikklag som tok over dei gamle instrumenti.

Flåm Musikklag tel no 15 aktive blåsarar. I 1953 fekk dei seg nye, vakre uniformar. Det noverande styre er: J. Øksdal, M. Widme, S. Heimdal, H. Hauge og M. Annaniassen.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *