Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Flatbergsætra

Under Flatberg i Haltdalen har det vore mange sætrar frå gammalt. Kyråsvollen var den eldste. Og her gav ikke underjordingane fred. Til sist var det rådlaust å vera der og folket flytta sætra. Hølvollen er ei anna sæter under garden. Der var det heller ikkje roleg frå gammalt. Det skulle vera så fullt av tuss der og ei gammal kone såg dei ein gong. Men ho kunne ikkje seia for visst om det var tussr ho såg likevel. Noko rart var det. Skapnaden vart borte for henne utan at ho kunne sjå kvar det vart av han.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *