Internt referansenummer: 31.08.2011 – BOK
Kilde:
Segner og sogur frå Bøherad
Olav Nordbø
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER Nr. 56
OSLO 1945
Klikk her for å lese ”Fyreordet”.

Fleire hadde ”Svarteboka” i Bø…

Dei hadde slik tru på Svarteboka før i tida, og dei trudde so på trolldom.

Prestane hadde svarteboka. Det var eit eksemplar i kvar prestegard. I ein prestegard var det eit hol i veggen høveleg stort til ei bok, framanfor var eit skrålok med loku i. Der inne låg Svarteboka.

I Brunkeberg kyrkje skulde Svarteboka vera gøymd i sjølve preikestolen, innfelt inne i stolen. Da Skien brann i 1884 var det eit par gamle folk som budde i eit gamalt hus oppe i Lortebekk. Mannen åtte Svarteboka. Det var ein bøhering som budde hjå desse folka da. Det brann rundt omkring, og det svidde i veggene, og bøheringen vilde røme huset, men den gamle mannen sa: «Sit bare, sit bare, du kan sitte trygt, det brenner ikke her. Du kan sitte trygt.» So gjekk det au. Huset blei spara. Det var Svarteboka med dei raude bokstavane som heldt elden frå veggjene, du.

Halvor Tveiten kjøpte ein slump med bøker på auksjon etter lensmann Hjortdal. Millom bøkene var ei rar bok med raude bokstavar som Halvor ikkje blei klok på. So reiste han til presten Gjør og synte han boka. Presten blei reint forstøkt: «Har virkelig
lensmann Hjortdal hatt en slik bok!» ropa presten oppøst. «Kast den på varmen og brenn den opp!» Og det gjorde Halvor. Men etterpå trega han. — Det var Svarteboka det. — Halvor Tveiten var skulelærar den gongen.

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *