Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Fødsel og barnedåp

Bjørnen og barnkonene

Bjørnen var fælt speleg for dei som gjekk med barn.

Bergitte i Gjerbrønnann og Katrine Jonsdotter på Stausland var i Søgneskogen etter bær ein sumar Bergitte gjekk fremmeleg. Dei heldt seg på Låveheia ved Olasdalen. Katrine vilde plent dei skulde flytja til ein annan stad. Der var bær nok der dei var, so Bergitte skyna ikkje kvifor dei skulde flytja, men ho gjorde den andre til viljes likevel. Då dei hadde funne seg ein ny plass, spurde Bergitte korleis det hadde seg at deiheller skulde vera der. — E så sò mange nye bjønnelorte der mi va, at e bei rædd, sa Katrine. – Der va kje te å vere for de som går såntan.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Ei kona som gjekk med barn, møtte bjørnen i Klepplandsskogen. Bjørnen sette på henne og drap henne, og reiv ut barnet og tok det med seg. Barnet fylgde bjørnen til han vart skoten nokre år seinare. Då fanga dei det og tok det med heim, men det døydde snart etter. Det var lode på den eine sida plent som bjørnen, men på den andre sida var det som folk.
(Gunder O. Vestrus f. 1841)

*     *     *

Ei fremmeleg kona frå Vestigard Kleppland skulde til skogs med mat til mannen, han var der og hogg. Då ho kom halvveges, møtte ho ein bjørn. Ho sette frå seg korgi med maten, og tok på sprang heimetter. Bjørnen sprang etter. Ho heldt han tolleg godt av seg nedfor bakkane, men han drog inn på henne når det bar uppetter. Då ho kom på Sibròde so dei kunde sjå til gards, gav bjørnen seg. Ho var mest sprengd då ho kom til husar.
(Gunder O. Vestrus f. 1841)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *