Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Fødsel og barnedåp

Bytingar

Der var ei dei kalla Besta Svemland, ho vart yver 90 år. Ho fortalde um ein stad dei hadde gløymt å leggja saks og salmebok i vogga. So kom underjordsfolket og bytte barnet.
(Torjus Ånenson Tronstad f. i Heståsen 1841)

*     *     *

Ei kona på Folkjemyra fekk tvo born bytte, dei døydde små. Bestemori sa dei var bytte. Det måtte vera i 1850-åri eller endå seinare.
(Gustav Skarpeid)

*     *     *

Burtimot 1800 vart tvo born i Oppigard på Eig bytte av hudda i Krågebakksfjellet. Foreldri bar bytingane rundt kyrkja tri torsdagskveldar etter einannan; so skulde huldri koma tridje torsdagskvelden med rette borni og leggja dei i vogga, og taka bytingane att. Men det nytta ikkje den gongen. Borni livde til dei var halvvaksne. Dei lærde aldri å tala, og kunde ikkje stella seg på folkevis.

*     *     *

På Trysnes hadde dei au bytingar.

*     *     *

Ki, ein legdekall som døydde umlag 1870, var byting.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *