Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Fødsel og barnedåp

Namngjeving

Dei måtte ikkje kalla upp vonde folk, for då vart barnet vondt.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

Ikring 1850 gifte ein mann på Lunde seg andre gongen. Fyrste dotteri vart kalla etter den fyrste kona. Då mori tok ungen til seg etter dei var heimkomne frå kyrkja, sa ho: – ”- Tru du skulle bi så vonn som den du heid’ ette!”
(Sesilia Andreasdtr. Lunde f. 1844)

*     *     *

I 1840-åri hadde dei eit gutebarn på Langeneset som dei ikkje vilde kalla upp etter morfaren, avdi han hadde vore so svær til å drikka, og dei var rædde det skulde koma att på guten. Dei gav han eit anna namn, men han vart hosta glad i drykken likevel.
(Hendrikka Jørgensdtr. Eig f. 1832)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *