Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Fødsel og barnedåp

Trygding av udøypte barn

Dei udøypte borni laut agtast vel, so ikkje dei vonde magtene skulde koma til å skada dei.  En mått’ aller se øyann a di! Når dei hadde vaska det udøypte barnet, hadde dei ei glod i vaskevatnet fyrr dei slo det ut.
(Gustav Skarpeid)

Dei la stål (tollekniv eller saks) og salmebok i vogga, og sumtid røykte dei yver barnet (med næver?).

Katrine Jonsdotter Stausland hadde salmebok i vogga til dei fyrste borni, men ikkje til dei siste, for då tok dei største borni til å gjera narr av henne for det.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

– ”I bòg i vogga den tøkt’ e va fælt gild!
(Karen Johannesdtr. Føre f. 1825)

Dei brende ljos heile nettene so lenge barnet var udøypt, og dei la armane i kross under sveipen og sette ei stoppenål i ”linnen”.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *