Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAG
PETER LUNDE
FOLKEMINNE FRA SØGNE
UNIVERSITETSFORLAGET
OSLO 1969

Fødsel og barnedåp

Barnkonene hadde mykje å agta seg for

Dersom ei fremmeleg kona såg på ei sleva, vart barnet slevøygt.
(Torjus Ånenson Tronstad f. I Heståsen 1841)

Dersom ho steig yver ein dørstokk dei hadde hogge på, fekk barnet dørhogg.
(Bolette Hansdtr. Lunde f. 1842)

*     *     *

Då ei kona på Lunde fødde siste barnet sitt (umlag 1890), tok ei grannekona imot barnet. Sosnart det var yverstade, spurde mori um barnet var haremynt, og det var det au. Der hadde gjenge nokre veidemenner framum henne med ein hare eit bil fyreåt.
(Johan Danielson Eig)

*     *     *

Ei kona frå vestersokni vart gift til ein gard i Holum. Dei tri fyrste borni hennar var som fiskar ovantil, og fotbladi hekk rett ned på dei. Ho hadde lege so mykje og teke fisk i bekken dei fyrste åri ho var på den nye staden. Dei borni ho fekk seinare, var velskapa.

*     *     *

Dersom dei stokk for noko når dei gjekk med barn, sette det merke på fosteret dei gjekk med.

Katrine Jonsdotter Stausland (f. ca. 1816) slagta sauer og kalvar, ho vyrde det ikkje det grand. Men ein gong ho gjekk med barn, kom ho til å støkka då ho såg på knivstikket i halsen på sauen ho nett hadde stukke. Dotteri som vart fødd ikkje lenge etter, hadde eit merke som eit knivstikk på halsen.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

Dersom det spruta ein blodsdrope av slagtet i andlitet på ei kvinna som gjekk med barn, då vilde barnet få ein raud flekk der mori fekk blodflekken. Dei kunde tryggja seg imot det dersom dei strauk det av med handi med ein gong. So slo dei seg på baken, eller ein annan stad som vart løynd under klædi, og sa:
– ”Der ska du sidde!”
Då kom flekken dera.
(Sesilia Andreasdtr. Lunde f 1844)

*     *     *

Ei kona på Lone hadde fenge ein blodsprøyt i andlitet under ei slagting, ho gjekk med barn då. Dei tvo grannekjerringane som tok imot barnet då det kom, slo seg på baken med same det vart født, og so sa dei: Sidd der! – Der sat flekken på barnet.
(Martin Markusson Lone f. 1846)

*     *     *

Torborg Kristiansdotter, gift med Kristen Larsson på Stausland, klipte sauer. So kom sauen til å sparka so han sette den eine klauvi imot kinnet hennar.. Ho var fremmeleg, og difor strauk ho seg yver kinnet med handi og slo seg på baken. Barnet (f. 1833) fekk merke etter klauvi der mori hadde sett det.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Kristina Berntsdotter Stausland (1782-1860) var gift med Kristen lensmann. Ho gjekk berrerma på bryggja i Høllen ein sumardag. Det var vanleg at kvinnfolki ikkje hadde anna plagg ovanlivs enn serken sumardags. So var det ein sjømann som heldt på å tjøra ei skuta der låg ved bryggja. Han tok tjørekosten og sette ein tjøreflekk på bringa hennar på gams. Dotteri som ho gjekk med, vart fødd med ein stor brun flekk på bringa, og den vart sitjande so lenge ho livde.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Rakel Stokkeland tente hjå Hans i Romsviga i 1830-åri. Ho fekk so stygg ein verkefinger, og Anne Gurina, matmori, skulde skjera hol på svullen. Han var fult av blod og verk, og so sprette det noko av det i andlitet på kona, so ho fekk ein flekk yver den eine munnviki.

– ”De va leidt at de skulde sprette på Jer,” sa gjenta, ho visste den andre gjekk med barn. Men dei tenkte ikkje det hadde noko større på seg, so dei gjorde ikkje noko ved det. Eit bil etter fekk Anne Gurina ei dotter, og ho hadde ein flekk på munnen på same staden som mori hadde fenge spruten frå verkefingeren.
(Abigel Nilsdtr. Stokkeland f. 1844)

*     *     *

Anne Kirstina på Lunde (ca. 1760-1833) gjekk med barn. So var der ei uppskræmd høna som fór i andlitet på henne. Ho strauk seg med handi i andlitet, og slo seg på baken. Der fekk dotteri eit skillegt merke etter høna.
(Torjus Ånenson Tronstad f. i Heståsen 1841)

*     *     *

Mor til Tomine i Haen (frå Tofte) var med og slagta då ho gjekk med Tomine. Slagtaren tok «hjuringsteiga» og slo den i andlitet på kona i kjæta. Ho strauk det av på barmen, og dotteri (f. 1833) fekk ein flekk der.
(Torjus Ånenson Tronstad f. i Heståsen 1841)

*     *     *

Det var ein gut som kasta ei mus i andlitet på ei kona frå Dal. Dotteri fekk ein loden flekk i andlitet der musi hadde treft mori.
(Martin Markusson Lone f. 1846)

Del på sosiale medier

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *