Kilde:
I SKREDDARTIMEN
Av Jens Haukdal
Folkeminne frå Gauldalsbygdene
NORSK FOLKEMINNELAG NR. 87
OSLO 1961
Universitetsforlaget

Folk som vart tullete etter å ha vori borti tussar.

Det er fleire døme på at folk vart tullete etter å ha vori borti tussar — eller dei såg dei. Her er eit dørre frå Soknedal. Det hende i 1850-åra.

Det gjekk slik for seg. Ei ung jente dreiv og klippte til noko ty som ho skulle sauma ein stakk av. Det var i kveldinga. Som ho dreiv og klippte som best, hørte ho ein ynk ved sia si, og med det same rann det ut ein blodflekk i tyet der soksa stansa.

Jenta var heilt ifrå seg, og det ovra seg meir og meir til ho vart skrullet og rar av seg. Folket hennar skjøna at det måtte vera ein tusse ho hadde vori borti med soksa og at same tussen måtte ha sett noko vondt på henne.

Det vart til at dei tala med Litjfrøseten om han kunne vita noko botvon for henne. Han rådde til å vaska henne i avtrekk frå sju sortar lauvtrebork. Det vart også gjort, men det var inga hjelp i det. Jenta var steintullet til sin døyande dag og måtte sendast bort. E anna jente hadde vori borti det same, men ho vart frisk etter vasken i borkvatnet.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *