Kilde:
NORSK FOLKEMINNELAGS SKRIFTER 120
Norsk Folkeminnelag
I kommisjon hjå H.Aschehoug & Co. (W. Nygaard) a/s
Oslo 1978

Jens Haukdal
FRAMFOR STENA
Folkeminne
Frå Gauldalsbygdene II
Med spesialtillatelse fra slektninger

Fontenellkula

Fontenellkuler mot gikt var bruka i Soknedal i gammaltida. Ho er også kjent i andre bygder i Midtre Gauldal. Det syner seg at kula er bruka også i bygdene rundt Røros og i Nord-Osterdal kjenner dei også bruken.

I Hådalen er kula bruka frå garnmalt. Ein mann fortel at både faren og bestefaren hadde slike feitvedkuler i leggene. Kula var av heste og feitaste slag hålå. Dei var heilt brune i leten.

Bygdene nedetter Gauldal hadde ein eigen teknikk med å setta inn kula, og Rørosbygdene hadde ein annan.

Nedetter dalen bruka dei kniv og skar av ein hudtopp og la ei blykule inni til å etsa ut hol for hålåkula, men ved Røros la dei berre hålåkula innåt skinnet og batt ho godt fast. Ho åt seg da sjøl inn i hold og skind.

Nemninga på kula har vore fontenellkule eller funtenellkule.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *