Internt referansenummer: 28.04.09 – A
Kilde:
GAMMAL GRUNN Folkeminne frå Land
NORSK FOLKEMINNE BAND I
Av: Ragnvald Mo
NOREGS BOKLAG 1976

Fôr og lo

Bildet er kun et illustrasjonsbilde

Frå gammalt av var alt fôret tørka på bakken.

I somrar det var lagleg ver, gikk det ratt å få fôret tørt og i hus, men i åringar det var mye væte, kunne fôret bli liggande utover til det tok skade.

Dei eldste hesjene var kalla rajer. Dei var bygde opp av stolpar som var slått i jorda. I stolpane var det bora hol som det var stukki trenaglar i. Over naglane la dei så stenger.

Åkrar ein ikkje ville så korn i, kunne bli liggande brakke til det grodde opp fôr der. Dei brukte elles å så fôrmó i slike åkrar og få rot på det viset. Fôrmò var det som vart liggande att på fôrgolvet i låven etter ein hadde tatt bort høyet.

Dei var vanleg seint ute med slåtten, så mye av graset hadde sett frø innan det bar til å slå, og i det som vart samla opp og sådd i åkeren, var det mye frø som grodde opp.

Både høy og lo kjørte dei i hus på trestangsledar. Det var ikkje karm eller grind på desse sledane, men ei stang som var fest med ein vidjestropp til floget på sleden. Floget var fremre enden av sledemeiane. Det var hol i kvart av meihovuda, og gjennom hola var det vidjestropper. Desse var så bundne saman til ei lykkje, til denne var så stanga fest. Når lasset var komi på, la dei stanga over og batt henne ned bak på sleden.

Til loa var det ein omframt låve. Grønlåven kalla dei denne. Låven dei hadde loa i, stod for seg sjølv eit godt stykke unna dei andre uthusa på garden. Golvet i grønlåven kunne vere stokkar eller au bræer som var kløyvde med øks.

Under fôrkjøringa om sommaren tok dei noe av det beste høyet og la utover golvet i grønlåven til underlag for loa.

Når loa vart kjørt i hus, la dei banda slik på sleden at toppane vende inn.

Undste lolaget i låven var kalla støa. Når dei la støa, tok dei til å legge midt i logolvet. Første banda vart reist mot einannan med toppane vende opp. Så sette dei utover band ved band på same gjerda. Næste laget var kalla floa. Floa la dei au frå midten av golvet. Men der vende toppane av banda ned. Etter dei to første floene var lagt, bar det til å legge utafrå kantane i lokaggen.

Dei som la loa, laut sjå til å få kaggen så tett som mogleg så ein kunne halde unna mus og andre skadedyr.
Dei brukte å esle att eit lite rom ved døra, og når all loa var komin i hus, sette dei ein vassbutt der. Så kom det opp vassfeller der til å fange uty som ville leite seg åt låven.

I åringar dei ikkje fikk havren mogen ute, brukte dei å drye av med å troske, så kornet kunne mognas i kaggen. Om ein ikkje fikk det til folkemat, kunne ein få kornet såført med å la det ligge i hamsen frametter.

Reiskapen dei trøska med, var kalla tust eller slire. Tust skal visst vere det eldste namnet.

Etter ein hadde banka kornet or, bar det til med hørsåldet. Sjølve såldet var fletta saman av kløyvde vidjekvister. Til havren hadde dei såld som var noe meir gresint enn til anna korn.

Etter dråsån hadde fari gjennom såldet, bar det til å kaste. Til det hadde dei eit brett som dei heldt i med begge hender. Det lettaste av det ein kasta i såldet og det som først fall i golvet, var agna. Lettkornet fall så ned bortom agna. Dei gamle kalla lettkornet brødmell. Namnet brødmell skal vere ei minning om år da åkeren ikkje gikk fram til mogning og det vart matknappe tider, så folk nøyddes bruke lettkorn til matmjøl.

Mell var elles sams namn på alt korn i gammal tid. Dei tala om å fare til kvenns med mell.

Lenger inne på låvegolvet vart det så liggande det kornet dei kalla mellomkorn.

Det tyngste av kornet, det som fall lengst frå han som kasta, vart liggande innåt veggen i låven og var kalla veggranda. Av dette tok dei såkorn. Det dei hadde til kvenns av dette beste kornet, var brukt til mat i høgtidene og når dei laga mat til gjester. Dessutan skulle det nå vere mat av beste slag korn til handverkarar når ein hadde slike i huset. Dei hadde mat i kjøkkenet saman med tenestefolk og husmenn, men dei farande handverkarane sat ved eit omframt bord og skulle ha mat av beste slag. Slik var gjerda.

Det var vanleg å ha tre slag flatbrød. Dei som var mest nøytne med maten, brukte å mate opp av lettkornet til å bake flatbrød av. Dei kalla dette hårdagsflatbrød.

Mellomkornet vart mali til suppe- og grautmjøl og så til å lage flatbrød av.

Til gryn brukte dei korn av beste slaget (Torpa).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *